Fellesnemnda: Protokoll 21. juni 2018

Her er protokollen frå junimøtet i Fellesnemnda.

Torsdag heldt Fellesnemnda for nye Volda kommune det siste møtet før sommarferien.

Utanom godkjenning av innkalling, sakliste og møteprotokoll frå sist møte var det totalt tre politiske saker, i tillegg til nokre orienteringssaker som stod på dagsordenen.

Sakslista var som følgjer:

  • PS 26/18 Godkjenning av innkalling og sakliste
  • PS 27/18 Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte
  • PS 28/18 Valstyre – Nye Volda kommune
  • PS 29/18 Budsjettrevisjon/økonoirapport mai Nye Volda
  • PS 30/18 Felles digitaliseringsstrategi for kommunane på Søre Sunnmøre
  • PS 31/18 Orienteringssaker
  • OS 31/18 Orientering frå Temakomité for kulturbygging
  • OS 32/18 Medlemskap i Landssamanslutninga for nynorskkommunar ( LNK ) Nye Volda kommune
  • OS 33/18 Digital kompetanse i kommunane – workshops hausten 2018

Alle sakene som skulle opp til handsaming vart samrøystes vedtekne.

Fullstendig møteprotokoll kan du lese her: Protokoll

Andre vedlegg:

Presentasjon om digitalisering

Presentasjon om kulturbygging