Fellesnemnda: protokoll 9. mai 2019

Her er protokoll frå maimøtet i Fellesnemnda.

Torsdag hadde Fellesnemnda årets femte møte. På grunna av eit anna arrangement seinare på dagen, vart møtet flytta litt fram.

Saker som var opp til handsaming var bruken av smia etter 2020, grafisk profil, profilering av ny kommune og uttale til regulering av prostigrenser på Sunnmøre.

Sak om lovlegkontroll vart trekt frå sakslista. Dette på grunn av at ein av underskrivarane på kravet om lovlegkontroll trekte tilbake signaturen sin i forkant av møtet.

I tillegg vart det gjort eit orienteirng frå Odd Harald Sundal om venebenkprosjektet som temakomiteen for kulturbygging har jobba med den siste tida.

Protokollen frå møtet finn du her: Protokoll – Fellesnemnda – 9. mai 2019

Sakliste:

PS 24/19 Godkjenning av innkalling og sakliste
PS 25/19 Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte
PS 26/19 Bruken av Smia etter kommunesamanslåinga
PS 27/19 Vedtak om skulekrins i nye Volda kommune – krav om lovlegkontroll (saka vart trekt frå sakslista)
PS 28/19 Grafisk profil – endeleg handsaming
PS 29/19 Profileringstiltak i samband med ny kommune
PS 30/19 Uttale til høyring om regulering av prostigrenser på Sunnmøre

PS 31/19 Orienteringssaker
OS 34/19 ROS-analyse av kommunesamanslåinga mellom Volda og Hornindal – revidert mars 2019
OS 35/19 Fiberavtale mellom Volda og Vanylven kommunar
OS 36/19 Nye Volda kommune beheld Hornindal kommune sitt eigarskap i Nordfjordfiberen
OS 37/19 KS Folkevalgtprogram
OS 38/19 Orientering frå temakomiteen for kulturbygging