Fellesnemnda: sakliste 17. oktober 2019

Det aller siste møtet i Fellesnemnda vert på Volda rådhus komande torsdag.

Det førre møtet i Fellesnemnda den 5. september skulle i utgangspunktet vere det siste i Fellesnemnda før det nye kommunestyret tok over. Tidlegare i haust vert det derimot sett opp eit ekstra møte i nemnda.

Dette vert derfor den aller siste gongen av dei ti politikarane møtast i Fellesnemnda. Frå 24. oktober av, torsdag neste veke, tek det nye kommunestyret over ansvaret for å ferdigstille samanslåingsprosjektet.

Før den tid skal ei rekkje saker opp til handsaming i Fellesnemnda komande torsdag. Møtet vert på Møterom Voldsfjorden, Volda rådhus, med møtestart klokka 14.00.

Her finn du møtedokument til møtet!

Sakliste

Sak nr. Sakstittel
54/19 Godkjenning av innkalling og sakliste
55/19 Godkjenning av protokoll
56/19 Orienteringar
53/19 Orientering Volda og Ørsta reinhaldsverk
54/19 Barnehagedrifta Volda sentrum
55/19 Interkommunale samarbeid
56/19 Avslutting av prosjekt Smia utvikling – ny næring på gamle tufter
57/19 Brev frå Helse Midt-Norge til fellesnemnda for nye Volda kommune – Volda sjukehus – Eit fullverdig akuttsjukehus med traumefunksjon
58/19 Svar på spørsmål om gildskap i nemnda som skal ha tingingar om oppgjeret om grensejustering av Bjørke og Viddal
59/19 Oppmoding om tiltak for å fjerne byråkratisk meirarbeid knytt til momsreglane for samanslåingskommunar
60/19 Kommunikasjonsplan
61/19 Prosjekt rehabilitering – samarbeid kommunane og Helseføretaket
57/19 Økonomirapport prosjektmidlar Nye Volda
58/19 Ny avtale om interkommunalt samarbeid om arbeidsgjevarkontroll
59/19 Søknad om framhald som Fairtrade kommune
60/19 Godkjenning av samarbeidsavtale og tenesteytingsavtale
61/19 Handlingsprogram for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv (2020), Volda kommune – offentleg ettersyn
62/19 Sak vedrørande interkommunalt barnevernsamarbeid- Sande kommune
63/19 Felles legevakt Volda og Ørsta
64/19 Retningsliner for grendeutval i Volda kommune
65/19 Forliksråd nye Volda kommune
66/19 Alkoholpolitisk handlingsplan for Volda kommune –  gjeldande frå 01.01.2020
67/19 Val av målform i samband med kommunesamanslåinga
68/19 Markering overgang til ny kommune – fest 19. desember 2019