Fellesnemnda samde om budsjett og økonomiplan

Torsdag 7. desember heldt Fellesnemnda sitt siste møte for året i Volda.

På dette møtet vart mellom anna budsjett- og økonomiplan for dei to respektive kommunene – samt for Nye Volda – lagt fram.

Fellesnemnda gjekk samrøystes inn for å ta både Volda formannskap og Hornindal formannskap sine innstillingar til vitande utan merknadar.

Vidare skulle Fellesnemnda røyste over sitt eige budsjett og økonomiplan i perioden 2018-2019. Her hadde nemnda ingen merknadar til slik saksframlegget låg føre, og var samrøystes om å vedta økonomiplanen.

Under første orienteringssak vart Fellesnemnda samde om å sende inn søknad om deltaking i partssamarbeid om digital kompetanse i kommunane. Kven som eventuelt vil representere Nye Volda på dette vil bli vurdert om dette vert aktuelt.

Vidare hadde leiar Stig Olav Lødemel ei kort oppsummering av møtet med Fylkesmannen i Møre og Romsdal den 1. november 2017, der møtet omhandla eventuell grensejustering ved Bjørke og Viddal.

Avslutningsvis drøfta Fellesnemnda korleis den vidare prosessen med kommunevåpen skal leggast opp. Lødemel føreslo at Heraldikk-komiteens innstilling og rapport frå arbeidet vert lagt fram for dei respektive kommunestyra som ei orienteringssak ved neste høve for å få eventuelle innspel. Etter dette vil Fellesnemnda røyste over framlegget til vedtak som nemnd i rapporten til komiteen.