Fellesnemnda: vedtok grafisk profil

Ei samrøysta Fellesnemnd vedtok grafisk profil for den nye kommunen.

Denne profilen vert forankra i profilhandboka til den nye kommunen, som vert gjeldande frå 01.01.2020. Det vert samstundes oppmoda om å nytte denne handboka i samanslåingsprosjektet og i aktuelle promoteringstiltak fram til ny kommune vert etablert etter nyttår.

Prosjektet med å lage ny profilhandbok starta etter vedtak i Fellesnemnda 1. november 2018, der Fellesnemnda gjekk inn for å nytte Grafia reklamebyrå som leverandør.

Den 10. januar valde Fellesnemnda vidare å gå for konseptet «der teknologi og tradisjon møtest», som no har resultert i ei ferdig profilhandbok.

Denne profilhandboka finn du her: Volda kommune_Profilmanual