Fellesnemnda vedtok ny skulekrins

Austefjord, Bjørke, Viddal og Hornindal skal danne skulekrinsen «Indre Volda» i ny kommune.

Torsdag 7. mars hadde Fellesnemnda for nye Volda kommune møte på Lidatun på Lid. Mesteparten av møtet vart via til sak om ny skulekrins i Volda.

Administrasjonen si tilråding vart at Fellesnemnda gjekk inn for ein ny skulekrins med Austefjord, Bjørke, Viddal og Hornindal.

I tilrådinga vart det også lagt til at elevar som allereie har teke til ved Volda ungdomsskule, skal få gå ferdig grunnskulen ved denne skulen viss dei ønskjer det – og kommunen skal dekke kostnadane for skuleskyss for desse elevane.

Motforslag

Odd Harald Sundal kom med eit framlegg om alternativt vedtak, der Austefjord framleis skulle høyre til Stor-Øyra skulekrins.

Sundals framlegg og administrasjonens tilråding vart røysta opp mot kvarandre, først i ei prøverøysting. Prøverøystinga gav resultatet 5-5.

Medlemmene fekk derfor diskutere saka i gruppemøter, før endeleg votering.

Endeleg votering synte åtte mot to røyster, i favør administrasjonen si tilråding.

(Saka held fram under bilete).

Odd Harald Sundal la inn framlegg til alternativt vedtak. Dette fall med 8-2 røyster.

Nærskulevurdering ved strukturendring

Som eit tilleggspunkt, la både Odd A. Folkestad og Sølvi Dimmen fram forslag til eit nytt punkt 3 i administrasjonen si tilråding.

Folkestad fremja følgjande forslag:
«Fellesnemnda føreset at om nedlegging av Austefjord barneskule seinare skulle bli aktuelt, så vil kommunestyret då vedta eit felles SFO-tilbod for indre Volda skulekrins. Som eit ledd i arbeidet med å byggje saman kommunane, vil då kommunen kunne tilby SFO-skyss til/frå heimen etter då vedteke vilkår.»

Sølvi Dimmen fremja følgjande forslag:
«Dersom det skulle bli strukturendringar i det omtalte området, skal nærskule vurderast på nytt.»

Folkestad sitt forslag fekk ingen røyster og fall, medan Dimmen sitt forslag vart vedteke med 7-3 røyster.

Etter votering blei derfor følgjande vedteke:

  1. Fellesnemnda for Volda kommune går inn for at det i samband med samanslåing av Volda og Hornindal kommunar vert opprette ny skulekrins som omfattar gamle Austefjord skulekrins, Bjørke, Viddal og Hornindal. Framtidige elevar frå Bueide får Hornindal skule som sin nærskule. Krinsen får namnet Indre Volda skulekrins.
  2. Elevar som har teke til ved Volda ungdomsskule får gå ferdig grunnskulen der viss dei ynskjer det. Volda kommune tek ansvar for kostnadene til skuleskyss for desse elevane.
  3. Dersom det skulle bli strukturendringar i det omtalte området, skal nærskule vurderast på nytt.