Fellesnemnda vedtok omstillingsavtale

Kva er ein omstillingsavtale, og kva betyr dette vedtaket?

Ei kommunesamanslåing vert rekna som ei verksemdsoverdraging, og skal såleis handterast etter arbeidsmiljølova kapittel 16.

I samband med at Hornindal og Volda skal slå seg saman, er det derfor viktig å ivareta rettar og plikter for arbeidstakarar i dei to kommunane.

Partssamansett Utval (PSU) fekk då i oppgåve å utarbeide ein omstillingsavtale for samanslåingsprosessen som skulle leggjast fram for Fellesnemnda.

Føremålet med denne avtalen er å sikre ein føreseieleg prosess for alle dei tilsette i både Hornindal og Volda kommune.

Under Fellesnemnda sitt møte 1. februar vart dette avtalen vedteken.

Les også: Protokoll frå Fellesnemnda

Kva seier avtalen?

Omstillingsavtalen tek føre seg fleire tema i tilhøvet mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar.

Mellom anna er der eige punkt om medråderett og innverknad, retningslinjer for informasjon, handsaming av nye stillingar som vert oppretta, permisjonspraksis, bemanningsstrategi, eksisterande særavtalar og avtaleperiode.

I avtalen vert det til dømes løfta fram at det skal opprettast eit omstillingsutval som skal diskutere korleis ein skal handtere stillingar som blir ledige eller som vert nye i den nye kommunen. Om ei stilling skulle bli ledig i ei av dei to kommunane før 2020, skal utvalet først diskutere om stillinga skal lysast ut eller om det er mogleg å dekke behovet på anna måte.

Dette utvalet vil bestå av personalsjefane i dei to kommunane og ein tillitsvalt frå kvar kommune.

Når det gjeld permisjonar vert det lagt opp til ein restriktiv praksis i perioden fram til 01.01.2020. Dette gjeld ikkje lovheimla permisjonar som til dømes fødselspermisjon, sjukepermisjon, samt velferdspermisjonar eller utdanningspermisjonar.

Restriksjonane gjeld spesielt der ein har søkt og fått stilling hos ein annan arbeidsgjevar, og gjeld særleg leiarar med personalansvar og tilsette i administrative nøkkelstillingar. Permisjonssøknadar frå andre tilsette vert handsama som i dag.

Bemanningsstrategi

Omstillingsavtalen går også inn på korleis arbeidstakarane kan forvente at samanslåingsprosessen vil skride fram.

På eit overordna nivå vil prosessen sjå slik ut:

  1. Rådmann og assisterande rådmann i ny kommune vert tilsett av Fellesnemnda
  2. Rådmann tilset si leiargruppe og kommunalsjefar
  3. Kommunalsjefane vert innplasserar/tilsett leiarar
  4. Kommunalsjefar innplasserar/tilsett leiarar, samt nøkkelstillingar/stabsstillingar
  5. Tilsette som ikkje får endra stillinga si blir overført til ny kommune

Denne prosessen er delt inn i to fasar:

  • Fase 1: Ny administrativ organisering (overordna inndeling av sektorar og avdelingar)
  • Fase 2: Ny sektorinndeling (vidare organisering i dei ulike sektorane og avdelingane)
%d bloggers like this: