Fellesnemnda vil ha Volda sjukehus som nærsjukehus

Politikarane vil at helseføretaksgrensa skal justerast slik at nye Volda kommune har Volda sjukehus som nær-/akuttsjukehus.

Det var Fellesnemnda også samrøyste om i saka som vart handsama torsdag 10. januar.

Helse Midt-Norge RHF har ansvar for innbyggarane i Møre og Romsdal, SørTrøndelag og Nord-Trøndelag, medan Helse Vest RHF har ansvar for innbyggarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Volda sjukehus er nær/akutt-sjukehus for kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta, der det i dag er akuttfunksjon i kirurgi og indremedisin. Sjukehuset har også fødetilbod.

– Volda kommune har i dag tett samarbeid med desse kommunane. Døme på samarbeid som er aktuelle for val av helseregiontilknyting er legevakt, Sjustjerna helse og omsorg, NAV, barnevern og IKT. Desse samarbeida er planlagt vidareført i Nye Volda, skriv kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol i saksutgreiinga.

I intensjonsavtalen mellom Volda kommune og Hornindal kommune står det at den nye kommunen skal «Arbeide for at Volda sjukehus vert vidareutvikla som eit velfungerande lokalsjukehus med gode akuttfunksjonar, herunder akuttkirurgisk beredskap og fødeavdeling for regionen»

Like lang reiseveg

Med nær-/akuttsjukehus i Volda vil det ifølgje Kaldhol bidra til eit heilskapleg tilbod for innbyggjarane i nye Volda kommune.

– Reiseveg og tilbod ved sjukehuset er viktig for innbyggjarane. Når det gjeld reiseveg har innbyggjarane i Hornindal i dag om lag like lang reiseveg til Nordfjord sjukehus som til Volda sjukehus. Reisevegen til Førde er lenger. Sjukehuset i Volda har eit breiare tilbod enn sjukehuset på Nordfjordeid. Det vil såleis ikkje vere eit tap for innbyggjarane i Hornindal å byte nær/akuttsjukehus med tanke på reiseveg og behandlingstilbod, skriv Kaldhol.

Avgjerast til sommaren

Styret i Helse Midt-Norge har gitt administrasjonen av føretaket i oppdrag å legge fram ei sak for styret om eventuelle endringar i føretaksgrensene som følgje av kommunereforma.

Saka skal til handsaming i styret i Helse Midt Norge RHF innan utgangen av juni.

I samband med dette har altså nye Volda kommune gitt sine synspunkt i saka ved å seie at dei ønskjer Volda sjukehus som sitt nær-/akuttsjukehus.

Vedtak:

Fellesnemnda gjorde slikt vedtak i møtet 10. januar 2019:

  1. Nye Volda kommune vil nytte Volda sjukehus som nær/akutt-sjukehus. Fylkestilknyting og kommunesamarbeid gjer at Volda sjukehus bør ligge under Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge også framover. Nye Volda ber derfor Helse Midt-Norge justere føretaksgrensa slik at Nye Volda blir ein del av Helse Midt Norge RHF.
  2. Volda sjukehus er avgjerande viktig for helsetilbodet og beredskapen for innbyggjarane i regionen. Volda sjukehus yter gode og effektive tenester. Fellesnemnda ber om at tilbodet ved Volda sjukehus vert oppretthalde.
  3. Volda kommune har ved fleire høve bedt om faste møter med helseføretaket utan å få svar, og Fellesnemnda ber om at eit slikt møte kjem i stand i nær framtid.