Fellessamling for leiarar i nye Volda

Torsdag 6. juni vart dei som skal vere avdelingsleiarar i ny kommune samla for aller første gong.

Dette gjaldt leiarar som etter Hovudtariffavtalen kjem innunder kapittel 3.4.2, altså verksemdsleiarar (avdelingsleiarar).

Nokon av dei har lang fartstid som leiarar i høvesvis Hornindal og Volda, mens andre er ny i denne rolla. Rådmann Rune Sjurgard starta dagen med å ønskje velkommen til det første møtet med leiarskapet i nye Volda kommune.

Første tema var budsjettprosessen for 2020.

Økonomisjef Kari Mette Sundgot orienterte om prosessen og dei ulike tidsfristane. Det vil bli lagt opp til fleire samlingar utover hausten, både med administrasjonen og politikarar.

Dagens andre tema var forventingar til leiarar i nye Volda. Sjurgard var oppteken av at felles forventningar til utøving av leiarskap er med å skape ein felles kultur.

Ein god leiarkultur er ein viktig ressurs for ein organisasjon, både for ivaretaking og utvikling av dei tilsette og for dei tenestene vi skal leverere.

Personalsjef Berit Lyngstad gjekk vidare med kva som kan vere viktig for leiarane å vere bevisste på når dei skal forme si eiga leiarrolle.

– Vi er alle forskjellige og nærmar oss utfordringane på ulikt vis, men samtidig skal vi samla utgjere ein leiarkultur dei tilsette kan kjenne igjen, påpeikar Lyngstad.

I løpet av 2020 skal det setjast i gang leiaropplæring på sentrale tema og eit program for leiarutvikling. Leiarane vil bli utfordra på korleis dette skal utformast.

LEIA SAMLINGA: Personalsjef Berit Lyngstad og prosjektleiar/rådmann Rune Sjurgard.