Folkemøte på Dalsfjord skule 10. januar

Torsdag 10. januar kjem Fellesnemnda til Dalsfjorden.

Årets aller første Fellesnemnd-møte vert lagt til Ulvestad skule torsdag 10. januar, og dette møtet startar klokka 15.00.

Som alle møter i Fellesnemnda, er dette ope for alle som ønskjer å kome innom.

Etter dette er det klart for folkemøte på Dalsfjord skule. Folkemøtet startar klokka 18.00, og vert i auditoriet på skulen.

Ønskjer du ei påminning? Meld deg på vårt Facebook-arrangement!

På dette møtet vil prosjektleiar og komande rådmann, Rune Sjurgard, og leiar i Fellesnemnda, Stig Olav Lødemel, orientere om prosessane som pågår for å etablere den nye kommunen.

Når innlegga til administrasjonen og politikarane er unnagjort, vil dei frammøtte få høve til å stille spørsmål til både administrasjonen og Fellesnemnda.

Vi ser fram til å sjå deg!

PS: Sakliste til møtet i Fellesnemnda finn du her: Sakliste 10.01.2019