Folkemøte på Grodås 1. november

Først eit møte i Fellesnemnda, så er det folkemøte på kvelden.

Møta kjem tett på kvarandre i oktober og november, og torsdag 1. november er det allereie nytt møte i Fellesnemnda.

Dette møtet vert heldt i Honndalshallen.

Etter at politikarane er ferdige med møtet, vert det arrangert eit ope folkemøte for innbyggjarane i dagens Hornindal kommune.

Folkemøtet startar klokka 18:00, og ein tek sikte på å setje av 1-1,5 time til samlinga.

Om du har lyst til å kome tidlegare og høyre på Fellesnemnda er det sjølvsagt ope for alle som ønskjer å kome innom. Dette møtet startar klokka 14:00 og vil halde på fram til om lag klokka 17:00 – 17:30.

Lokasjonen vert i området dansesalen/kantina i Honndalshallen.

Vi ser fram til å sjå deg i Honndalshallen!

%d bloggers like this: