Folkemøte på samfunnshuset i Volda

Folkemøte på samfunnshuset

Smekkfull sal då ordførar Sølvi Dimmen inviterte til folkemøte om budsjett 2020.

Om lag 200 personar hadde møtt opp for å høyre om moglegheitene og utfordringane som ligg føre oss i Volda kommune.

Ordførar Sølvi Dimmen starta møtet med å seie at ho var svært glad over at så mange hadde møtt fram og viste engasjement for kommunen sin.

For sjølv om vi skal bygge ei ny kommune, kjem vi ikkje tomhendt til bordet. Det er mykje bra i dagens Hornindal og Volda som vi tek med oss vidare.

Ordføraren nemnde mellom anna anna idrett og frivilligheit, skisenter og turisme, samt viktige næringar som industri, landbruk og havbruk.

Men Sølvi Dimmen viste også til fleire uløyste oppgåver for den nye kommunen.

Vi skal byggje ny ungdomsskule og ny symjehall, vi har fleire barnehagar som driv godt men i gamle bygg, vi må utbetre brannstasjonen på Grodås etter pålegg frå Arbeidstilsynet og starte bygginga av ein ny stasjon, og vi må saman med andre aktørar drive sentrumsutvikling for vekst og bulyst.

Orienterte om det framlagte budsjettet

Økonomisjef Kari Mette Sundgot orienterte deretter om det framlagte budsjettet.

Ho synte til signala som har kome frå regjeringa dei siste par åra, der kommunal sektor må førebu seg på å effektivisere drifta.

Gjennom betre organisering, tenestedesign og digitalisering er det forventa at kommunane greier seg med mindre.

Og statsbudsjettet for 2020 viser at veksten i kommunen sine frie inntekter (skatteinntekter og statlege tilskot) berre er ein fjerdedel av det den var i 2019.

Sundgot orienterte også om fordelinga i dei ulike sektorane, og lånegjelda med påfølgande kapitalutgifter.

Innsparing på om lag 40 millionar

Både ordføraren og økonomisjefen brukte eit kakediagram for vise kva pengane går til, og begge påpeikte at om ein ønskjer å gjere eit kakestykke større, må eit anna eit bli mindre.

Budsjettet som er lagt fram krev ei innsparing på om lag 40 millionar for økonomiplanperioden 2020-2023.

Deretter vart det ein gjennomgang av dei ulike innsparingstiltaka i dei tre sektorane oppvekst, helse og omsorg og samfunnsutvikling, samt i rådmannens stab.

Etter denne orienteringsrunden vart det opna for spørsmål. Og det kom mange spørsmål, om til dømes symjebasseng, skule og barnehage, kommunale gebyr og premieavvik på pensjon.

Noko kunne avklarast der og då, mens andre innspel blir til politikarane å avgjere i kommunestyret den 12. desember.

Møtet vart avslutta etter to og ein halv time.