Forslag til kommunevåpen og alle innsende forslag

I går, torsdag 16. november, la Heraldikkomiteen fram sitt forslag til nytt kommunevåpen for nye Volda.

Presentasjonen vart gitt i forkant av møtet i Fellesnemnda, og leiar for komiteen, Jon Tvinnereim, opna med å fortelje om prosessen og korleis dei har kome fram til si vurdering.

Valet falt på to forslag som var tilnærma like: forslag nummer 28 (fremja av Dagfinn Fløtre, Volda) og forslag nummer 26 (fremja av Bodil Johnson, Nordfjordeid).

Komiteen vurderte det dit hen at: «i utforming er likevel nummer 28 monaleg betre enn nummer 26, og nummer 28 bør derfor kårast til vinnar.»

Kombinasjon av motiva

I grunngjevinga for valet sitt, heiter det:

«Komitéen legg til grunn at det truleg er brei semje mellom folk i Hornindal og Volda om at dei noverande kommunevåpena er vellukka både i motivval og utforming. Dei mange forslaga med kombinasjonar av dei to motiva, pennesplitt (Volda) og tre ljåar (Hornindal) kan tyde på at det er ei positiv forventning om at begge kommunane skal få med seg noko av identiteten i dei noverande kommunane inn i nye Volda.

Etter ei samla vurdering har Temakomité for nytt kommunenamn og heraldikk kome til at forslaget med nummer 28 er det beste av dei aktuelle innkomne forslaga. Andre forslag som har vore vurderte under arbeidet, er lagde til sides på grunn av at to heraldisk sakkunnige har – av ulike grunnar – rådd frå å bruke dei.

Forslag nr 28 peikar seg ut både ved ein god og lett attkjennande symbolikk og med ei vellukka utforming. Dette er også det forslaget av dei aktuelle som på beste måte sidestiller og likestiller dei to kommunane ved at dei to symbola er sette saman som ein vakker heilskap. Kombinasjonen av ljå og pennesplitt fører også vidare noko av den positive identiteten til både Hornindal og Volda inn i nye Volda.»

Leiar i Fellesnemnda, Stig Olav Lødemel, takka så komiteen for arbeidet så langt og la til at nemnda no skal få tid til å tenkje på forslaget – og så vert ei endeleg avgjersle gjort ved eit seinare høve.

I mellomtida føreslo også Lødemel at forslaget vert lagt fram for dei respektive kommunestyra for innspel.

Mange innsende forslag

I samband med konkurransen vart det sendt inn over 50 forslag til nytt kommunevåpen.

Under møtet i Fellesnemnda vart det også høve til å sjå alle dei forslaga som kom inn.

Klikk her for å sjå alle innkomne forslag til nytt kommunevåpen!

%d bloggers like this: