Forslag til symbol på ordførarkjeda

Heraldikk-komiteen har kome fram til ti forslag til motiv på den nye ordførarkjeda.

På oppdrag frå Fellesnemnda arbeider Temakomiteen for nytt kommunenamn og heraldikk i Nye Volda kommune med utforming av ny ordførarkjede til den nye kommunen.

Komiteen har samla gått inn for å bruke noverande ordførarkjede for Hornindal som mal, men med nokre andre motiv på medaljongane.

– Vi har førebels festa oss ved dei ti symbola som er nemnde nedanfor. Men vi har ikkje konkludert, opplyser leiar for komiteen, Jon Tvinnereim.

Heraldikknemnda sine førebelse forslag:

  • Fjellet Lisje-Toren
  • Fjellet Honndalsrokken
  • Høvel
  • Vevstol
  • Fele
  • Bok
  • Skulptur frå Svor-museet
  • Fyrtårn
  • Klinkbygd båt
  • Idrettssymbol (hopp/ fotball)
%d bloggers like this: