Første felles samling for leiarar i Hornindal og Volda kommuner

I dag var leiarane i dei to kommunane samla på rådhuset i Volda for å starte opp arbeidet med å kartlegge no-situasjonen på dei ulike fagområda i dei to kommunane i forkant av kommunesamaslåinga.

Hornindal og Volda kommuner skal slå seg saman til ei kommune frå 1. januar 2020, og ei rekke administrative arbeidsgrupper er no sett ned. Desse har fått i oppdrag å kartlegge nosituasjonen på sitt eiga fagfelt, slik at ein har ei god oversikt.

Samanslåinga av Hornindal og Volda kommuner skal handsamast Stortinget før sommaren.