Framdriftsplan: Administrativ organisering i Nye Volda

Ny hovudstruktur for Nye Volda skal dannast, og det er sett i verk ein prosess for å sjå på samansettinga av tenesteområda i den nye kommunen.

Målet med denne prosessen er å bidra til involvering, breitt avgjerdsgrunnlag, god informasjon og ha milepålar langs med.

Prosessen skal vere basert på samanslåinga sine fire verdiar; openheit, tillit, rausheit og likeverd.

Slik legg prosjektleiar Rune Sjurgard opp prosessen med å danne ei ny administrativ organisering i Nye Volda kommune:


23. november 2017

Temaet for denne samlinga er oppstart av prosess på administrativ organisering. I samlinga vil følgjande tema bli tatt opp:

  • Dagens situasjon
  • Morgondagens utfordringar
  • Premissar for ny administrativ organisering

For denne samlinga er målgruppa Rådmannens leiargruppe (HO/VO) og Hovudtillitsvalte.


23. november – 25. januar 2018

Etter den første samlinga vil prosjektleiaren leggje opp til ei «heimeoppgåve», der alle får tenkje på korleis ein ser føre set at dette skal sjå ut.

Dei aktuelle målgruppene for denne oppgåva er Rådmannens leiargruppe (HO/VO) og Hovudtillitsvalte.


25. januar 2018

Temaet for den tredje runden er vidare arbeid med eit utkast til ny administrativ organisering. Då vil arbeidet vere meir konkret, med synspunkta som rådmannens leiargruppe (HO/VO) og dei hovudtillitsvalte har jobba med i heimeoppgåva.

Også under denne samlinga er det Rådmannens leiargruppe (HO/VO) og dei Hovudtillitsvalte som er målgruppa.


14. februar 2018

Til den fjerde samlinga vil ei utvida gruppe får høve til å gje tilbakemeldingar på rådmannens forslag, før det går ut på høyring.

Dei aktuelle målgruppene er då rådmannens leiargruppe (HO/VO), Hovudtillitsvalte og andre leiarar (interkommunale samarbeid, m.m.).


28. februar 2018

Når dei fire rundene har vore gjennomført, vil det bli lagt fram eit forslag til administrativ organisering i Nye Volda kommune. Denne skal då ut på høyring.


1-15. mars 2018

I perioden 1. mars til 15. mars vil forslaget vere ute til høyring, der alle kan kome med sine innspel og tilbakemeldingar på prosjektleiarens forslag.


20. mars 2018

Prosjektleiar/rådmann vedtek ny administrativ organisering!