Fride Sortehaug har fått fritak frå politiske verv

Sølvi Dimmen tek til som medlem i Fellesnemnda og vara i PSU gjeldande frå 01. mai.

I ein permisjonssøknad til Volda kommune skreiv dåverande varaordførar i Volda kommune, Fride Sortehaug, at «Sida eg skal ut i foreldrepermisjon vil eg søke fritak frå politiske verv, gjeldande frå 01.05.18. Med bakgrunn i planlagt flytting frå Volda kommune under foreldrepermisjonen, må eg be om at fritaket er gjeldande ut resten av valperioda.»

Eit samrøystes Volda kommunestyre valde så Sølvi Dimmen som fast medlem i Fellesnemnda, samt varamedlem i Partssamansett Utval, frå og med 01. mai 2018.

Vi ønskjer å takke Sortehaug for innsatsen, og samstundes ønskje Dimmen lykke til med dei nye verva ho har fått i samband med bygginga av den nye kommunen.

Neste møte i Fellesnemnda vert 7. mai, og vil bli heldt på Volda rådhus.

%d bloggers like this: