Fylkesmannen tilrår flytting av Kjøs krins

Dette skriv Fylkesmannen om grensejustering av Kjøs krins i Hornindal.

Tekst henta frå fylkesmannen.no

«Vi tilrår grensejustering slik at Kjøs krins blir flytta til Stryn kommune. Tilrådinga inkluderer ei justering i området Klypet – Hildehjellen. Dersom grensa blir flytta vil dette utgjere den nye fylkesgrensa mot Møre og Romsdal.

Etter vår vurdering vil det gi store føremoner å justere grensa. Ei justering gjer det mogleg å rydde opp i ei eksisterande dårleg kommunegrense, som deler ei naturleg samanhengande bygd. Det er lagt avgjerande vekt på å legge til rette for ei god overordna planlegging og ei funksjonell kommune- og fylkesgrense, og omsynet til å kunne gi effektive tenester til innbyggjarane i heile Kjøs krins i framtida.

Bakgrunnen for tilrådinga er eit innbyggjarinitiativ frå Andreas Solvik og Per Ove Kjøs, med vel 40 underskrifter frå innbyggjarar og grunneigarar. Det vart òg levert 75 underskrifter frå innbyggjarar i den delen av Markane som høyrer til Stryn kommune. Kommunal- og moderniseringsdepartementet bestemte at saka skulle greiast ut, og gav Fylkesmannen oppdraget.

Dei to kommunane ønskjer ei grensejustering, men er delte i synet på kvar grensa skal gå.

Hornindal kommune og fellesnemnda for nye Volda ønskjer ei justering av grensa som samlar Maurset i Stryn kommune. Dei legg vekt på innbyggjarhøyringa, og at det vil få store økonomiske konsekvensar i framtida dersom heile krinsen blir flytta. Kommunen held òg fram at det i mange tilfelle vil bli lenger til tenestene folk treng, og at dette har negative effektar for miljøet.

Stryn kommune ønskjer ei justering av grensa slik at Kjøs krins blir flytta til Stryn. Dei legg vekt på at innbyggjarhøyringa ikkje gir eit klart svar, og at ei flytting av krinsen vil gi ei meir logisk geografisk grense, som ikkje vil dele eigedomsgrenser mellom to kommunar og fylke. Det blir også vist til at dei mindre alternativa stort sett vil innebere ei forskyving av problemet, med at ei bygd/krins blir delt i to.

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som tek endeleg avgjerd i saka.»