Fylkesmannen tilrår grensejustering ved Bjørke/Viddal

No ventar endeleg avgjersle i Kommunal- og Moderniseringsdepartementet før sommarferien.

Fredag ettermiddag inviterte Fylkesmannen i Møre og Romsdal til pressekonferanse i Ålesund. Føremålet var å leggje fram innstilling til eventuelle grensejusteringar i Møre og Romsdal.

Blant dei fem sakene som Fylkesmannen orienterte om, var grensejustering rundt Bjørke/Viddal.

Eit fleirtal av dei spurte innbyggjarane i området ønskte å bli verande i Ørsta kommune. Fylkesmannen vurderte det derimot dit hen at ei grensejustering vil gi ein meir funksjonell kommunestruktur for innbyggjarane i Bjørke og Viddal.

Derfor meinte Fylkesmannen at argumentet om at innbyggjarane får røysterett og høve til å påverke dei kommunale tenestene dei nyttar i Nye Volda veg tyngre enn innbyggjarhøyringa.

Fylkesmannen var klar på at dette berre er ei tilråding, og at den endelege avgjersla vert gjort av Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD) før sommarferien.

Klikk her for å lese heile tilrådinga frå Fylkesmannen (ekstern lenke)!