Aprilspøk: Gjer kommunevåpenet 3D-venleg

Ny teknologi gjer at ein kan sjå Nye Voldas kommunevåpen i 3D-kvalitet.

I fjor haust la Temakomiteen for nytt kommunenamn og heraldikk fram si innstilling til nytt kommunevåpen.

For Fellesnemnda føreslo temakomiteen å gå for eit motiv med både pennesplitt og ljåblad i det nye kommunevåpenet.

Nye retningslinjer frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet har oppmoda kommunane i samanslåingsprosessen til å satse endå meir på digitale og innovative løysingar – også innanfor grafisk profil.

Etter at prosessleiar for digitalisering, Paul Ottar Tornes, vart tilsett for ein månad sidan har Tornes blitt beden om å ta i bruk ny teknologi for å gjere kommunevåpenet meir «spenstig» og appellerande for innbyggjarane.

Derfor har Tornes no kome fram til ei løysing som gjer at ein kan sjå det nye kommunevåpenet i 3D-kvalitet.

– Dette gjer at ein til dømes kan nytte VR-briller til å både vri og vende på synsvinkelen, slik at ein kan sjå kommunevåpenet frå ulike vinklar. Dette gjeld også på brevpapir, og ikkje berre på skjerm, seier Tornes.

Sidan digitalisering eit av satsingsområda til den nye kommunen, er prosjektleiar Rune Sjurgard svært nøgd prosessen Tornes har køyrd på dette området.

– Det er viktig å skape entusiasme og engasjement rundt bygging av ny kommune, og eg håper at dette kan bidra til å fenge også dei yngre. Eg har sjølv fått teste ut prototypen på det interaktive kommunevåpenet, og det ser veldig bra ut så langt, seier Sjurgard.

Førebels har prosjektet blitt testa ut på ein mellombels logo. Test ut prototypen du også!

Klikk på logoen for å teste ut sjølv:

%d bloggers like this: