Godt oppmøte på folkemøte på Bjørke

Torsdag kveld møtte Fellesnemnda og administrasjonen innbyggjarar på Ungdomshuset Haukly.

I etterkant av Fellesnemnda sitt møte for oktober, vart det arrangert eit ope folkemøte for innbyggjarar i Bjørke og Viddal krins torsdag kveld.Møtet fann stad på Ungdomshuset Haukly.

Samlinga vart starta av leiar i Fellenemnda, Stig Olav Lødemel, som orienterte om kva som ligg til grunn for samanslåinga av Volda og Hornindal, før prosjektleiar Rune Sjurgard tok over ordet.

Volda-ordføraren Jørgen Amdam avslutta presentasjonsrunden med å fortelje litt grendeutval og politisk organisering i den nye kommunen.

Andre halvdel av folkemtøet var det lagt opp til diskusjon og debatt, der politikarar og prosjektleiar ville svare på spørsmål frå salen.

I løpet av kvelden fekk politikarane og administrasjonen høyre kva for forventingar innbyggjarane har til nye Volda kommune, og kva innbyggjarane er opptekne av i sitt lokalsamfunn.

Tema som vart tekne opp var til dømes behovet for skredsikring, beredskapsbåt, offentelge toalett for turistar, ønske om å behalde brannstasjonen på Bjørke og spørsmål kring skulekrins.

Heile samlinga varte i godt over halvannan time.

GODT FRAMMØTE: Mange hadde teke turen til Ungdomshuset Haukly.

Grodås neste gong

Dette var det første opplegget der Fellesnemnda legg møta sine ute i dei ulike grendene/skulekrinsane – med folkemøte i etterkant. Dette er noko Fellesnemnda kjem til å gjere framover ut 2018 og vidare inn i 2019.

Neste gong vert det eit tilsvarande opplegg på Grodås allereie 1. november, der møtet i Fellesnemnda og folkemøtet vert lagt til Honndalshallen.

Førebels møtestart i Fellesnemnda denne dagen er sett til klokka 14:00, medan folkemøtet vil starte klokka 18:00 seinare på kvelden.