Gratis konsert for ungdom på Rokken

Fredag 7. juni inviterer kulturbyggingskomiteen til konsert for ungdomar i nye Volda.

Dette vert ein kveld med eit variert program, med det lokale bandet Ufokusert og artisten Philip Emilio.

Konserten er for ungdom i alderen 13-19 år som kjem til å bu i “nye” Volda kommune.

Arrangementet er alkoholfritt og varer frå 20:30 – ca. 23:00. Det vert gratis inngang!

Treng du skyss frå Hornindal eller Dalsfjorden?

Ingen problem! Vi set opp gratis skyss tur/retur Hornindal-Volda og Velsvik-Folkestad.

Kjøreplan for transport:

Reiserute Grodås – Volda:
19:00 Avreise Grodås via Fyrde
19:40 Kolonne mot Volda – Rokken
20:30 Parkert Furene

23:30 Furene – Rokken
00:00 Rokken – Tunnel
00:20 Kolonne mot Grodås
01:00 Grodås via Fyrde

Reiserute frå Velsvik til Folkestad:
Avreise Velsvik: 18:00
Ferge Folkestad: 19:15
Ank Volda: 19:30

Avreise Volda: 23:30
Avreise Folkestad: 23:45
Ank Velsvik: 01:00