Grendavegen har fått nytt namn

I samband med kommunereforma vert det gjennomført nokre namne- og adresseendringar.

Ei av endringane i Volda er at Grendavegen endrar namn til Grannevegen.

Namne- og adresseendringane for bebuarane i den aktuelle vegen er registrert i matrikkelen og vart aktive frå og med 6. mars 2019.

Kvifor skjer namneendringar?

I Fellesnemnda 19. april, gjorde politikarane slikt vedtak om endring av vegnamn:

  1. Den vegen med flest eksisterande adressatar av dei to kommunane, beheld vegnamnet.
  2. Om fordelinga mellom dei to kommunane vert veldig skeiv med omsyn til antal omadresseringar, må den kommuna med færrast omadresseringar sjå på alternative vegnamn, td. om vegparsellar kan vere ei naturleg forlenging av ein annan vegparsell, eller om det er vegparsellar ein kan finne andre alternative vegnamn til.
  3. Om ein kan finne gode alternative vegnamn til vegar som har like eller nesten like vegnamn med nabokommunane, bør Hornindal og Volda kommunar vedta nye vegnamn og omadressere