Har du lyst å vere valfunksjonær?

Måndag 9. september 2019 er det kommunestyre- og fylkestingsval. Slik kan du bidra på valdagen!

«Nye» Volda kommune søkjer nye valfunksjonærar til røystestyra i krinsane Hornindal, Mork, Øyra, Austefjord, Folkestad og Dalsfjorden.

I kvar av krinsane skal det veljast eit røystestyre, som har ansvaret for gjennomføringa av valet i krinsen på valdagen.

Som valfunksjonær skal du bistå alle som skal røyste på valdagen. Dette kan til dømes vere å ta i mot legitimasjon, vise folk til valavlukka, registrere røystegivingar, stemple røystesetlar, passe valurna og andre praktiske ting i vallokalet.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Du bør vere nøyaktig
  • Delta på opplæring i forkant av valdagen
  • Ikkje stå på liste for eit politisk parti ved årets val
  • Det er ein fordel, men ikkje noko krav, at du beherskar PC

Å vere valfunksjonær er ei oppgåve som passar for alle aldersgrupper. Dersom du har lyst til å delta i valgjennomføringa, oppmodar vi deg på det sterkaste å ta kontakt.

Send ein s-post til sonja.havik@volda.kommune.no innan fredag 26 april dersom dette er noko for deg!