Helse og omsorg: Informasjonsskriv september 2018

Informasjonsskriv frå komande kommunalsjef i helse og omsorg i samband med sektorprosessen.

Bakgrunn
I samband med samanslåing av Hornindal og Volda kommunar, er det vedteke ny hovudstruktur for administrativ organisering i den nye kommunen.

Tenesteytinga er delt i tre sektorar:

  • Oppvekst
  • Helse- og omsorg
  • Samfunnsutvikling

Tenestene som er samla i sektoren for helse- omsorgstenester er:

  • Bu- og habilitering
  • Dagsenter
  • Kvardagsrehabilitering, førebyggande heimebesøk og demensteam
  • Legetenesta
  • Leiar koordinerande eining
  • Folkehelse- og frisklivskoordinator
  • Fysio- og ergoterapiteneste
  • Heimetenester
  • Omsorgsbustader
  • Rus- og psykisk helseteneste
  • Sjukeheim/ omsorgssenter
  • Tenestetildeling

Volda er vertskommune for Hamna dagsenter, kommuneoverlege og legevakt. Desse tenestene sorterer også under sektoren. I tillegg er Ørsta vertskommune for felles NAV- kontor med Volda.

Oppdrag frå rådmannen
I tida fram mot samanslåing av kommunane, 01.01.2020, skal organiseringa av den nye helse- og omsorgssektoren vurderast og formast. Dette arbeidet er skildra i eit eige prosjektnotat, dagsett 12.06.2018.

Fellesnemnda fatta i vår vedtak om å nytte ekstern kompetanse for å gjere analyser av eksisterande tenester i Hornindal og Volda. Oppdraget(tildelt til Agenda Kaupang) kan oppsummerast med at arbeidet skal bidra til å skape forståing for kva grep den nye kommunen må ta for å møte framtidige behov på ein bærekraftig måte. Rapporten skal vere ferdig medio oktober.

Arbeidet vil i første omgang ha fokus på å skape ein tydeleg og effektiv struktur på dei ulike tenesteområda i sektoren. Den nye strukturen dannar grunnmuren i det vidare arbeidet med utforming av dei ulike tenesteområda.

Involvering og medverknad i prosessen
Kommunalsjef for helse- og omsorg har sett ned ei ressursgruppe som skal følgje prosessen i tida framover. Tenesteområda og dei tilsette er representerte gjennom administrativt tilsette og hovudtillitsvalde, og har slik samansetjing:

Svein Berg- Rusten Kommunalsjef sektor helse- og omsorg
Vydmante Solominine HTV NSF (sjukepleieforbundet) i Volda
May Britt Lillestøl
HTV NSF i Hornindal
Bent Ingebriktsen HTV legeforeninga 
Oddbjørg Yksnøy Rangsæter HTV Fagforbundet I Volda + Hornindal 
Mary Anne Espe Helsesjef i Hornindal
Ragnhild Aarflot Kalland Pleie- og omsorgssjef i Hornindal
Mona Kile Einingsleiar førebygging, rehab. og legeteneste i Volda
Ingunn Gjengedal Ass. helse- og omsorgssjef i Volda

Ressursgruppa har hatt to møter så langt, 14.08.2018, eit oppstartsmøte med Agenda Kaupang og møte nr. to, 30.08.2018. Ressursgruppa har følgjande mandat:

  • Vere støttespelarar og rådgjevarar undervegs i prosessen og dei planlagde aktivitetande
  • Representere dei tilsette i sektoren for å ivareta medverknad
  • Vere høyringsorgan ved vegval

Gjennom oppdraget til Agenda Kaupang, har mange tilsette både i Hornindal og Volda blitt involvert gjennom intervju, moglegheit for skriftleg attendemelding og gjennom dialogkonferanse 05.09.2018. Det vart gjennomført åtte tlf/ skype- intevju med tilsaman åtte deltakarar på kvart intervju. Tema til intervjua var:

Kva som fungerer bra og kvar det er behov for forbetring innanfor aktuelle områder som sakshandsaming, samarbeid, omsorgstrappa, forvaltning av korttidsplassar, hjelpemiddelhandtering, rehabiliteringstilbod, samarbeid med frivillege og pårørande, folkehelsearbeid, velferdsteknologi mm.

Sidan det var begrensing på kor mange som kunne vere med i intervju, vart det gjort eit utval av leiarar, tillitsvalde og tilsette frå stab og service. Alle som var på intervju vart inviterte til dialogkonferanse, samt at ein supplerte opp med fleire deltakarar til dialogkonferansen, både teamleiarar, tillitsvalde, politiske utvalsleiarar og eldrerådsrepresentantar.

Framdrift i prosjektet/ milepålar

  • Juni – 2018
    • Val av HTV medlemmer til ressursgruppa. Val av leverandør til ekstern gjennomgang(Agenda Kaupang)
  • August – 2018
    • Samling for ressursgruppa, 14.08, saman med Agenda Kaupang.
    • Planlegging, forventning og framdrift knytt til deira oppdrag.
    • Møte 30.08, gjennomgang prosjektnotat og evaluering utført mai/juni 2017 av omorganiseringa helse- og omsorg i Volda.
    • Planlegging av komande møter.
  • Oktober – 2018
    • Samling av alle leiarar, kommuneoverlege, alle HTV med medlemmer i sektoren, SWOT- analyse, truleg 31.10.
    • Analysen frå Agenda Kaupang lagt fram i fellesnemnda og for ressursgruppa 01.11.
  • Nov/des – 2018
    • Samling med utvida tal deltakarar enn 25.10, der teamleiarar og plasstillitsvalde også blir med. Jobbe vidare med resultata etter SWOT- analysen og rapport frå AK.
  • Feb 2019
    • Administrativ struktur vert valt for den nye helse- og omsorgsavdelinga i Nye Volda.
  • Mars 2019
    • Stillingsinstruksar og delegeringsfullmakter til dei nye leiarane vert utarbeidde.
  • April 2019
    • Rekruttering og innplassering av dei nye leiarane i den nye strukturen.
  • Frå mai 2019
    • Leiarane i ny struktur startar førebuing på framtidig organisering/ drift av ansvarsområda
  • September 2019
    • Prosess med ny og felles omsorgsplan, inkl også rehabiliteringsplan, demensplan og smittevernplan.
  • April 2020
    • Planar vert lagt fram for politisk handsaming.