Helse og omsorg: Samling med leiarar, tillitsvalde og hovudverneombod

Kommunalsjef Svein Berg-Rusten la fram utkast til ny administrativ struktur i Helse- og omsorg.

I førre veke møttest leiarar, hovud- og stadtillitsvalde og hovudverneombod for å jobbe vidare med sektorprosessen innanfor Helse og omsorg.

Agendaen for samlinga var å gå gjennom prosessen fram til no og utkast til ny modell, arbeide i grupper for å kome med innspell til utkastet og sjå på prosess vidare fram mot endeleg modell.

Heile referatet frå samlinga kan du lese her!

Prosjektleiar skisserte framlegg til kommunalsjefen si leiargruppe i ei oppstartfase med følgjande funksjonar:

  • 4 einingsleiarar
  • Ass. Kommunalsjef
  • Kommuneoverlege
  • Teamleiar tildelingskontor
  • Teamleiar førebygging og rehabilitering

Saka held fram under biletet!

Spanande trekk

Under samlinga vart følgjande moment trekte fram som spanande med utkastet til ny organisering:

  • Rolleavklaringa vart betre.
  • Personalansvar til teamleiar er bra
  • Lik/same tenester med ein leiar. Lettare med utveksling av kompetanse innanfor tenesteområdet.
  • Stillinga som spesialrådgjevar.
  • Kortare avstandar – lettare å få delegert ned til ansvarleg tilsett/teneste.
  • At FRL blir splitta/»løfta» opp. Det syner at denne avdelinga er einings- og
    sektorovergripande. Spennande kva mogelegheiter dette kan gi.

Risikoar

Under samlinga vart følgjande moment trekte fram som risikoar med utkastet til ny organisering:

  • Framleis for stor leiargruppe med tanke på strategisk utvikling.
  • Stor spennvidde for einingsleiarar.
  • Teamleiarane blir meir operative, får fleire oppgåver utan avsett definert administrasjons tid. Det kan føre til for lite bemanning når teamleiar må gå ifrå avdelinga, noko som igjen går utover brukarane.
  • Manglande einingsleiarfunksjon i førebygging & rehabilitering, noko som kan føre til at ein ikkje får vere med på det strategiske arbeidet og derav oppleve handlekraft.
  • At teamleiarane ikkje strekk til grunna turnus- og helgearbeid.
  • Kva med møtepunkt for teamleiarane?
  • Dårleg kvalitet på tenester.
  • Utfordrande med geografisk avstand.
  • Utfordrande å rydde seg handlingsrom til leiing.
  • Stor turn-over
  • Sjukemeldingar
Svein Berg-Rusten viser fram førebels utkast til ny organisering i Helse og omsorgssektoren.