Her er nye Voldas leiarteam

Onsdag 9. mai hadde leiargruppa for Nye Volda sitt aller første møte.

Rett etter at den administrative hovudstrukturen for nye Volda kommune vart vedteken rundt påskeferien, starta prosjektleiar Rune Sjurgard prosess for å rekruttere inn personar i sitt nye leiarteam.

Posisjonane som skulle fyllast var Assisterande rådmann, Kommunalsjef (Helse og omsorg), Kommunalsjef (Oppvekst), Kommunalsjef (Samfunnsutvikling), Økonomisjef og Personalsjef.

Les også: Ny administrativ hovudstruktur vedteken

Prosjektleiaren har no innplassert personar i alle posisjonane, med unntak av kommunalsjef for samfunnsutvikling som vil verte lyst ut eksternt.

Den nye leiargruppa til rådmannen frå 01.01.2020 vil derfor verte set saman av følgjande personar:

  • Rådmann: Rune Sjurgard (vedteken i Fellesnemnda)
  • Assisterande rådmann: Ann Kristin Langeland (vedteken i Fellesnemnda)
  • Kommunalsjef, Helse og omsorg: Svein Berg Rusten
  • Kommunalsjef, Oppvekst: Per Ivar Kongsvik
  • Kommunalsjef, Samfunnsutvikling: vert avgjort i løpet av hausten…
  • Økonomisjef: Kari Mette Sundgot
  • Personalsjef: Berit Lyngstad

Denne leiargruppa vil no mellom anna starte arbeidet med å organisere sektoren/avdelinga si som skal vere gjeldande frå 2020. Dette arbeidet skjer i tillegg til det ansvaret dei har i si respektive kommune i dag.

Sidan dette var det aller første møtet for leiargruppa i nye Volda kommune, innleia prosjektleiar Rune Sjurgard møtet med å spele trekkspelmusikk for leiarane: