Hjelp til å røyste heime

Veljarar som treng det, kan be kommunen om å få røyste heime.

Valmedarbeidarar frå kommunen vil då kome heim til deg med nødvendig utstyr, slik at du kan røyste der du er.

Kven kan røyste heime?

I vallova står det at veljarar som på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan kome seg til eit vallokale, kan søkje til kommunen om å røyste heime.

Når du tar kontakt med kommunen for å røyste heime, må du derfor grunngje kvifor du ønskjer å nytte deg av denne tenesta. Du treng ikkje dokumentasjon. Det er nok å fortelle kommunen kvifor du ønskjer å røyste heime.

Korleis søkjer eg om å få røyste heime?

Du må søkje kommunen om å få røyste heime, men det er ikkje naudsynt å gjere dette skriftleg.

Det er nok å ta munnleg kontakt med kommunen din og fortelle dei at du ønskjer å røyste heime.

Når må eg søkje om å røyste heime?

For å søkje om å røyste heime i Volda/Hornindal, må du ta kontakt med servicekontoret i Volda kommune innan tysdag 3. september kl. 10.00.

Servicekontoret kan nåast på telefon +47 70 05 87 00 eller per e-post postmottak@volda.kommune.no.

Rettleiing

Valmedarbeidarane som kjem heim til deg kjem til å forklare korleis du skal røyste.

Valmedarbeidaren kan også svare på eventuelle spørsmål du måtte ha, eller sørge for å finne svar på spørsmåla dine.

Assistanse og hjelp til å røyste

Valmedarbeidarane kan hjelpe deg med det du måtte trenge for å røyste. En valmedarbeidar kan til dømes forklare deg rutinen for å røyste.

Medarbeidaren kan også gje deg rettleiing i kva for parti som stille til val.

Dersom du treng assistanse til å gjennomføre røystegjevinga, kan valmedarbeidaren også hjelpe deg med dette. Det er opp til deg kva du trenger assistanse til.

Kanskje trenger du assistanse under hele røystegjevinga eller kanskje er det nok at valmedarbeidaren leser opp alle partinamna for deg? Valmedarbeidaren har teieplikt dersom vedkommande skulle få innsikt i kva du røyster.

Slik fungerer røystegjeving heime

Å røyste heime er nesten som å røyste i eit vallokale:

  • Valmedarbeidarane har med seg naudsynt utstyr, inkludert eit røystesetelsett med alle parti og lister som stiller til val i kommunen og fylkeskommunen
  • Du vel ein røystesetel for det partiet/den lista du ønskjer å røyste på, og gjer eventuelle rettingar på røystesetelen
  • Valmedarbeidaren sjekkar legitimasjon, og stemplar røystesetelen
  • Du slepp røystesetelen ned i urna og har no røysta