Ho vert avdelingsleiar for arkiv og service

Inger-Johanne Johnsen er innplassert som leiar for arkiv og service i nye Volda kommune.

Etter kartleggingssamtalar, oppfølgingssamtalar og forankring i ressursgruppa, er det no klart at Inger-Johanne Johnsen vert innplassert som avdelingsleiar for arkiv og service i nye Volda. Denne avdelinga vil liggje under ass. rådmann i den nye kommunen.

Inger-Johanne har hovudfag i etnologi frå Universitetet i Bergen, og vart i 2002 tilsett som leiar for servicekontoret i Volda kommune. I Volda kommune fekk ho etter kvart fekk stillinga som sektorsjef for kultur og service. Denne stillinga har ho hatt sidan.

Før ho kom til Volda var ho også arkivar i Arkiv i Nordland i perioden 1994-2002.

Fram til 01.01.20 vil Inger-Johanne måtte kombinere funksjonen som avdelingsleiar i prosjektet nye Volda og funksjonen som sektorsjef kultur og service i dagens Volda kommune.

Inger-Johanne tok til i stillinga 15.06.19 og får ansvar for å:

  • Gjennomføre prosess knytt til organisering av avdeling for arkiv og service i nye Volda
  • Bistå i utviklingsprosessar i avdeling «Ass. rådmann»
  • Andre oppgåver som følgjer av kommunesamanslåingsprosjektet

Inger-Johanne vil ha fullmakter og ansvar i tråd med tidlegare gjeve mandat for arkivarbeidet i samanslåingsprosjektet, delegasjonsfullmakt og formålsskildring.

Avdelinga har også ansvar for at kommunen har eit personvernombod.

Vidare har avdelinga ansvar for å utføre oppgåver som vert lagde til politisk sekretariat. Avdelinga skal også syte for gode servicetenester i mottak ved Volda rådhus og desentraliserte rådhusfunksjonar på Smia, i tråd med vedtak frå fellesnemnda.

Avdelingsleiaren har ansvar for å organisere avdelinga slik at ein får ei føremålstenleg og effektiv avdeling som ivaretek arkiv/dokumentsenter i tråd med lovverk og retningslinjer. Dette arbeidet er forankra i tidlegare gjeve mandat til arkivleiar.