Ho vert avdelingsleiar for helsestasjonen

Toril Høydal er tilsett som avdelingsleiar helsestasjon i nye Volda kommune.

Høydal er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukeleiar, og ho har vidareutdanning i leiing i helse- og sosialteneste.

Ho har arbeidd som helsesjukepleiar i ei lang årrekke, og har siste året vore konstituert leiar for helsestasjonen i Volda.

Frå 01.11.2019 vert Høydal innplassert som prosjektleiar for avdeling helsestasjon, og får med det ansvaret for å gjennomføre prosessen med å organisere helsestasjonen i nye Volda kommune fram til nyttår.

Vi ynskjer Toril lykke til!