Hornindal kommune og Volda kommune

Namnenemnda for Hornindal og Volda kommune har hatt sitt første møte.

Heraldikk/Namnenemnda møttest på Smia i Hornindal, til stades var:

Jørgen Amdam, ordførar i Volda
Stig Olav Lødemel, ordførar i Hornindal
Odd. A. Folkestad
Kari A. Hasle
Siv Madeleine Kristensen
Rolf Taraldset og
Jon Tvinnereim

To journalistar var til stades på første delen av møtet.

Første delen av møtet:

1. Ordførar Stig Olav Lødemel leia møtet. Dei to ordførarane understreka at det er opp til nemnda å velje arbeidsmåte på vegen fram mot tilrådingane til namn på den nye kommunen (Hornindal pluss Volda), og kommunevåpen for den nye kommunen.

Tilrådinga til namn på kommunen skal leverast seinast 1. juni 2017. Tilråding til kommunevåpen har leveringsfrist 15. oktober. Motivval og utforming av ordførarkjede kjem ein også tilbake til.

2. Nemnda vart beden om å lage budsjett for det arbeidet som skal gjerast.

I andre delen av møtet vart m.a. dette drøfta:

1. Korleis kan ein på beste måte få med folk i dei to kommunane og vidare på den prosessen som nemnda skal leie? Det var semje om at ein må bruke både kommunane sine heimesider og Facebook for å invitere til innsending av forslag og kommentarar til spørsmålet om kommunenamn og kommunevåpen. Viktigast er kanskje likevel å bruke dei aktuelle lokal- og regionavisene: Fjordingen, Fjordabladet, Møre og Sunnmørsposten. Det vil vere aktuelt å bruke annonser i desse avisene meir enn ein gong.

Nemndleiaren tok på seg å lage forslag til annonsetekst og sende det til medlemmene til kommentar osb. Teksten må fortelje kva nemnda skal utarbeide: forslag til namn på kommunen, forslag til kommunevåpen for den nye kommunen. Og det må vere med i annonsen kven som er i nemnda.

2. I første omgang vert arbeidet å kome fram til forslag om namn på kommunen. Forslag til nemnda frå dei som ønskjer det, må sendast til ei e-postadresse oppretta for dette føremålet. Alternativt som brevpost til leiaren, Jon Tvinnereim.

3. Framdriftsplan for arbeidet og budsjett må vere klart før møtet i Fellesnemnda 19. april.

4. Det vart ikkje sett leveringsfrist for innsending av forslag utan frå til namn på kommunen.

5. Odd. A. Folkestad tok på seg å utarbeide budsjett for nemnda sitt arbeid.

6. Dei to ordførarane blir orienterte om arbeidet i nemnda m.a. ved å få tilsendt referat frå møta.

7. Sonja Håvik i Volda kommune blir beden om å vere kontaktperson for nemnda

I etterkant av møtet fekk dei to journalistane høve til å stille spørsmål til nemnemedlemmene. Journalistane hadde med seg teikningar av nytt kommunevåpen, laga av barn i barnehagar i Volda og Hornindal. Det vitnar om interesse for det arbeidet med samanslåing av dei to kommunane som no er i gang.

Referent: Jon Tvinnereim

%d bloggers like this: