Hornindal og Volda kommunar einige om nytt namn

For første gong møttest dei to kommunestyra til eit felles møte. I eigne kommunestyremøte seinare på dagen vart begge einige om nytt namn.

Etter at fellesmøtet først starta med ein presentasjon frå Sunnmøre regionråd, gjekk både Volda og Hornindal kommunestyre gjennom ei felles sakliste saman. I denne delen av møtet vart det ikkje vedteke noko, men det vart høve til gode diskusjonar mellom politikarar frå begge kommunene.

Seinare gjekk dei to kommunestyra kvar til sitt, der dei skulle røyste over sakene i sine respektive møter. Som forventa var det mest diskusjon og debatt rundt nytt kommunenamn.

Medan Volda kommune gjekk samrøysta inn for namnenemnda si innstilling «Volda», var det meir usemje i kommunestyret til Hornindal. Etter ein god diskusjon med argument både for og mot, vart kommunestyret samde om å gå for Volda med ti mot sju røyster.

Rett etter møtet hadde Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel følgjande å seie om vedtaket:

– Vi visste før kommunestyremøtet at det ville vere delte meiningar. At det vart 10-7 synest eg er betre enn 9-8 slik det kunne sjå ut til tidlegare. Då er det eit litt større fleirtal enn med berre éi røyst overvekt. At vi begge drar i same retning er kjempebra, vi kjem lenger når vi er einige.