Hornindal og Volda møtte Fylkesmennene

Sidan det kan vere nokre ekstra utfordringar knytt til samanslåing på tvers av fylkesgrenser, inviterte Hornindal og Volda til møte med Fylkesmenenne i høvesvis Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Møtet vart heldt på kommunehuset Smia på Grodås.

Til stades frå Volda og Hornindal var:

  • Rune Sjurgard (rådmann i Volda og prosjektleiar for samanslåinga)
  • Jørgen Amdam (ordførar i Volda)
  • Ann Kristin Langeland (rådmann i hornindal)
  • Stig Olav Lødemel (ordførar i Hornindal)
  • Joakim Rødven (kommunikasjonsrådgjevar)

Få eit lite innblikk i kvardagen til samanslåinga! Følg vår Snapstory ved å leggje til Nyevolda.

I tillegg møtte følgjande frå Fylkesmennene:

  • Lodve Solholm (Fylkesmann i Møre og Romsdal)
  • Vigdis Vestad (Prosjektleiar for kommunereform hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal)
  • Anne Karin Hamre (Fylkesmann i Sogn og Fjordane)
  • Kåre Træen (Prosjektleiar for kommunereforma hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)

Blant temaa som vart diskutert var mellom anna problemstillingar knytt til barnehage og skule (tilsyn), helseføretak og eventuelle grensejusteringar. Begge Fylkesmennene var positivt innstilte på å finne gode og smidige løysingar for alle partar.

Inntrykket frå dei to ordførarane var at det totalt sett var eit godt og oppklarande møte. Sjå video nedst i saka!

Jørgen og Stig Olav oppsummerer:

%d bloggers like this: