Høyring: Arbeidsreglement i nye Volda

Kom med dine innspel til nytt arbeidsreglement innan 20. mai.

I utsendinga ligg forslag til nytt arbeidsreglement for nye Volda kommune. Arbeidsreglementet tek hovudsakleg for seg saker som ikkje er vedteken i lov eller tariff.

Det omhandlar forventingar, rettar og pliktar for dei tilsette i den nye kommunen og skal såleis vedtakast politisk.

Det er lagt opp til handsaming i Partssamansett utval 4. juni og i Fellesnemnda 18. juni.

Om arbeidsreglementet

Arbeidsreglementet byggar på det eksisterande reglementet i dei to kommunane i dag. Det har vore ein gjennomgang i ei arbeidsgruppe av arbeidsgivarrepresentantar frå Hornindal og Volda.

Reglementet er også gått gjennom i Arbeidsgruppa for personalsaker, der både arbeidstakar- og arbeidsgivarrepresentantar sit.

Arbeidsreglementet vil vere gyldig frå 01.01.2020, og det vil bli satt opp ein plan for jamleg revidering.

Høyringsfrist: 20. mai

Høyringssvar sendast innan frist til personalsjef Berit Lyngstad via arbeidstakarorganisasjonane.

Du finn kontaktinformasjon til din arbeidstakarorganisasjon her:

Med helsing
Berit Lyngstad
personalsjef