Høyring: ny administrativ hovudstruktur for Nye Volda

Her er prosjektleiarens forslag til ny administrativ hovudstruktur. Forslaget ligg no ute til høyring fram til 15. mars.

Sidan 23. november har det pågått ein prosess på å arbeide fram ein ny administrativ hovudstruktur for nye Volda kommune.

I løpet av tre samlingar har leiarar og hovudtillitsvalte – der eine samlinga var ei utvida samling også for mellomeleiarar – fekk høve til å kome med sine tilbakemeldingar og innspel på ny organisering.

Litt før tida har prosjektleiaren klar sitt forslag, og ligg ute til høyring fram til 15. mars.

Høyringsinstansane er arbeidstakarorganisasjonane, slik at tilsette som ønskjer å sende inn sine tilbakemeldingar må vende seg til sin organisasjon.

Arbeidstakarorganisasjonane samordnar så ei samla tilbakemelding som vert å sende til prosjektleiar innan 15. mars.

Høyringsnotatet finn du her: Høyringsnotat

Du kan også sjå hovudstrukturen i større format ved å klikke på denne lenka!

Kontaktinformasjon

Du finn kontaktinformasjon til din arbeidstakarorganisasjon her: