Høyring: Permisjonsreglement i nye Volda

2Kom med dine innspel til nytt permisjonsreglement innan 20. mai.

I utsendinga ligg forslag til nytt permisjonsreglement for nye Volda kommune.

Permisjonsreglementet omhandlar rettar og pliktar for dei tilsette i den nye kommunen og skal såleis vedtakast politisk. Det er lagt opp til handsaming i Partssamansett utval 4. juni og i Fellesnemnda 18. juni.

Om permisjonsreglementet

Permisjonsreglementet byggar på det eksisterande reglementet i dei to kommunane i dag.

Det har vore ein gjennomgang i ei arbeidsgruppe av arbeidsgivarrepresentantar frå Hornindal og Volda.

Reglementet er også gått gjennom i Arbeidsgruppa for personalsaker, der både arbeidstakar- og arbeidsgivarrepresentantar sit.

Om mynde i permisjonssaker

Delegeringsfullmakter til leiarar i kap 3.4.2 og 3.4.3 er ikkje utsteda enda. Arbeidsgivar vil kome attende med ei oversikt over kva mynde som vert gitt, og kven som vil få fullmakt til å fatte vedtak på søknadar.

Det er ei målsetting at handsaminga av søknadar skal vere ubyråkratisk og effektiv, samstundes som at tilsette blir handsama likt på tvers av avdelingar og sektorar.

Permisjonsreglementet vil vere gyldig frå 01.01.2020, og det vil bli satt opp ein plan for jamleg revidering.

Høyringsfrist: 20. mai

Høyringssvar sendast innan frist til personalsjef Berit Lyngstad via arbeidstakarorganisasjonane.

Du finn kontaktinformasjon til din arbeidstakarorganisasjon her:

Med helsing
Berit Lyngstad
personalsjef