Høyring: Politisk organisering og reglement for utval

Fram til 20. august vert det høyringsperiode for politisk organisering og reglement for utval i nye Volda kommune.

I samband med bygginga av nye Volda kommune skal det dannast ei ny politisk organisering og eit nytt reglement for utval i kommunen.

I det høve har organisasjonskomiteen laga eit utkast til organisering og reglement som no vert lagt ut på høyring.

Høyringsperioden er 18.05.2018 – 20.08.2018.

Høyringsinstansen er kommunestyra og partia i dei to eksisterande kommunane, der kvart parti sender inn ei samla uttale til høyringsnotatet til leiar i organsisasjonskomiteen, Jørgen Amdam.

Høyringsnotat: Høyring – politisk organisering og reglement for utval i nye Volda kommune

Forslag til reglement: Utkast til reglement for nye Volda kommune

%d bloggers like this: