Høyring: skulekrinsgrense i nye Volda

Høyring av ny skulekrinsgrense i nye Volda ligg no ute.

Det er vedteke grensejustering som inneber at grunnkrinsane Bjørke og Viddal i Ørsta kommune skal høyre til nye Volda kommune.

Det inneber at det må takast stilling til kva skulekrins Bjørke og Viddal skal høyre til i den nye kommunen

Høyringsnotat i denne saka kan finnast her: Høyringsnotat

Jfr rundskriv Udir-2-12, vert følgjande instansar bedne om å uttale seg i saka

  • Grendautval i Hornindal
  • Grendautval i Bjørke og Viddal
  • Grendautval i Austefjorden
  • Volda kommunestyre
  • Hornindal kommunestyre
  • FAU og SU ved Hornindal skule, Austefjord skule og Volda ungdomsskule
  • Elevråda ved Hornindal skule, Austefjord skule og Volda ungdomsskule
  • Utdanningsforbundet i Hornindal og Volda
  • Fagforbundet i Hornindal og Volda
  • Møre og Romsdal fylkeskommune – samferdsleavdelinga

Andre som ynskjer å uttale seg i saka vil også bli hørte.

Høyringsfristen vert sett til 07.01.2019

Høyringssvar skal merkast med saksnr 2018/2054, og sendast til
postmottak@volda.kommune.no

eller

Volda kommune
Postmottak
Stormyra 2
6100 Volda