Høyring: Vatn og avløp

Forskrift for vann og avløpsgebyr i nye Volda kommune

Fellesnemnda har vedteke å legge lokal forskrift for vatn og avløpsgebyr ut på høyring.

Hensikta med lokal forskrift er å ha heimel til å krevje inn vatn og avløpsgebyr, samt at forskrifta definerer korleis gebyra skal bereknast og fordelast på abonnentane.

I samband med ny forskrift vil ein også vedta standard abonnementsvilkår og VA norm. Abonnementsvilkåra regulerer forholdet mellom abonnent og leverandør av vatn og avløpstenesta, i dette tilfellet Volda kommune.

VA-normen er eit teknisk dokument som set reglar for korleis ein skal bygge vatn og avløpsanlegget i Volda kommune.

Høyringsfrist er sett til 02.08.2019.