Høyring: vedtekter for barnehagar i Volda

Det er utarbeidd framlegg til vedtekter for dei kommunale barnehagane i nye Volda.

Dei nye vedtektene vil vere gjeldande frå 01.08.2020.

Administrasjonen har med bakgrunn i dei eksisterande vedtektene i Hornindal og Volda kommunar, revidert, justert og presisert vedtektene for dei kommunale barnehagane.

Framlegg til vedtekter for barnehagane i nye Volda kommune, vert sendt til uttale til SU og Foreldrerådet ved barnehagane, samt kommunalt foreldreutval.

Frist til å kome med innspel vert sett til 4. november 2019.

Innspel sendast til postmottak@volda.kommune.no og skal merkast med saksnummer : 19/15912

Høyringsdokument