Høyring: vedtekter for SFO i nye Volda kommune

Frist for å kome med innspel er 4. november 2019. Vedtekene vil gjelde frå 01.08.2020.

I samband med kommunesamanslåinga skal det lagast nye vedtekter for skulefritidsordningane i nye Volda kommune.

Administrasjonen har med bakgrunn i dei eksisterande vedtektene i Hornindal og Volda kommunar, revidert, justert og presisert vedtektene for dei kommunale skulefritidsordningane.

Med heimel i Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 13-7, er det utarbeidd framlegg til vedtekter for skulefritidsordningane. Desse ligg vedlagt under, og dei nye vedtektene vil trå i kraft frå 01.08.2020.

Framlegg til vedtekter for skulefritidsordningane i nye Volda kommune, er også sendt til uttale til SU og FAU ved grunnskulane, samt kommunalt foreldreutval.

Frist til å kome med innspel vert sett til 4. november 2019. Innspel skal sendast til postmottak@volda.kommune.no og merkast med saksnummer : 19/15685

Føresette som har innspel kan sende desse via FAU ved skulen der borna går.

Framlegg til vedtekter