Informasjonskanalar i ny kommune

Fram mot nyttår skal dei to kommunane sine informasjonskanalar bli slått saman.

Med kanalar for både Hornindal kommune, Volda kommune og prosjektet «nye Volda» er det i nokre tilfelle både dobbelt og trippelt opp med kanalar, som kan verke rotete når vi no går inn i ein ny kommune.

Dette gjeld både heimesider og sosiale mediekanalar.

For at du enklast mogleg skal kunne finne det du leitar etter, vil vi framover byrje å samordne alt til innanfor ny «Volda kommune».

Fram mot nyttår vil du derfor kanskje merke at heimesider og sosiale mediekanalar vil verte endra.

Kva vert heimesideadressa?

Frå 01.01.2020 vil den nye kommunen si heimeside ha nettadressa www.volda.kommune.no. Dette er den same som i «gamle» Volda kommune.

Informasjonen som ligg på denne nettsida vil bli oppdatert og korrigert i løpet av desember og inn i januar.

Nettadressa www.hornindal.kommune.no vil verte inaktiv etter nyttår, men ein vil kunne nå tak i informasjonen der ei tid framover etter årsskiftet.

I samanslåingsprosjektet har vi nytta www.nyevolda.no til å spreie informasjon. Denne sida vil også bli inaktiv, men vil vere tilgjengeleg ei stund etter nyttår.

Kva skjer med sosiale mediekanalar?

Facebook

I løpet av desember månad vil vi slå saman sidene Hornindal kommune, Volda kommune og Nye Volda kommune.

Facebook-sida for den nye kommunen vil ha adressa www.facebook.com/voldakommune.

I samband med denne samanslåinga vil dei som har likt éin eller fleire av desse sidene automatisk bli overført som «følgjar» av den nye sida.

Dersom du ikkje ynskjer å vere med over som følgjar av den nye hovudsida, vert du beden om å avfølgje sidene som er nemnd over.

Undersider (t.d. for avdelingar, skular eller andre tenester) vil verte vidareført dersom det ikkje er grunn til å endre dei med omsyn til kommunenamn eller avdelingsnamn. Er sidene inaktive eller ikkje lenger er bruk for, vil dei verte avslutta.

Instagram

Kontoen Nye Volda kommune vil verte gjort inaktiv, og kontoen Volda kommune vil halde fram som offisiell konto for den nye kommunen.

Hornindal kommune har ikkje hatt eigen Instagram-konto.

LinkedIn

Volda kommune og Hornindal kommune har hatt kvar sine profilar. På grunn av at det er under 100 brukarar som har vald Hornindal kommune som arbeidsstad på LinkedIn, vil ikkje administratorane i LinkedIn kunne slå saman sidene.

Hornindal-kontoen er derfor avslutta, medan kontoen Volda kommune vert vidarført med oppdatert kontaktinformasjon og logo.

Dei som har oppført Hornindal kommune som arbeidsgjevar i nettsamfunnet vil ikkje merke på CV-en sin at sida er fjerna.

Snapchat

Verken Hornindal kommune eller Volda kommune har hatt eigen brukarkonto på Snapchat.

I prosjektet «nye Volda» har det eksistert ein konto med brukarnamnet nyevolda. Denne kontoen vil halde fram inntil administrasjonen skulle bestemme seg for å avslutte kontoen.

Brukarnamnet på kontoen vil halde fram som nyevolda, medan visningsnamnet er endra til Volda kommune. Dette på grunn av at det ikkje er mogleg å endre brukarnamnet utan å opprette ny konto.

Twitter

Kontoen Nye Volda kommune vil verte gjort inaktiv (men synleg) og kontoen Volda kommune vil halde fram som offisiell konto for den nye kommunen.

Hornindal kommune har ikkje hatt eigen Twitter-konto.

YouTube

Det eksisterer fleire kontoar med visningsnamnet Volda kommune. I tillegg har prosjektet nye Volda hatt sin eigen konto.

Hovudkanalen vil vere den som vart oppretta i samanslåingsprosjektet, då dette er den med flest opplastingar. Aktuelle opplastingar frå dei andre kontoane vil verte lasta ned og eventuelt lasta opp at på den nye kanalen.

Hornindal kommune har ikkje hatt eigen YouTube-konto.