Informasjonsskriv til tilsette (april 2018)

Til tilsette i Hornindal og Volda,

At vi allereie er inne i april månad vitnar om at tida går veldig fort, og no er det berre vel 630 dagar igjen til ny kommune skal etablerast.

Det er sjølvsagt ein heil masse arbeid før vi er der, og her kjem eg med ei lita oppdatering på kva det har blitt jobba med den siste tida:

Administrativ hovudstruktur

Etter ein god prosess, vart den administrative hovudstrukturen i den nye kommunen vedteken i påskeveka.

Modellen legg opp til inndeling i tre sektorar: 1) Helse og Omsorg, 2) Oppvekst og 3) Samfunnsutvikling. I tillegg vert det to avdelingar (Økonomi og Personal) som er direkte underlangt rådmannen.

Under assisterande rådmann vert det også ei avdeling for kultur.

Vidare prosess på dette vert er å rekruttere leiarar, som skal så langt råd vere på plass seinast i løpet av mai. Eg kan allereie no stadfeste at Berit Lyngstad vert personalsjef i den nye kommunen.

Du kan sjølv sjå den nye administrative hovudstrukturen i denne nettsaka på nyevolda.no: https://nyevolda.no/aktuelt/ny-administrativ-hovudstruktur-vedteken/

Fase 2: administrativ organisering

Når alle leiarfunksjonane er på plass, vert ansvaret med å organisere sektorane vidare nedover i organisasjonen delegert til kvar einskild leiar.

Eg har som eit mål om at det endelege organisasjonskartet skal vere ferdig seinast innan 1. april 2019, men eg har eit håp om at vi kan greie dette enda tidlegare.

Når dette er på plass, så startar prosessen med å rekruttere leiarar og tilsette i stabar som vert berørt av endringane.

Det er ikkje til å kome unna at fram til at dette er på plass vil enkelte oppleve usikkerheit rundt til dømes at arbeidsoppgåver vert endra eller at ein får ny oppmøtestad frå 2020.

Eg har full forståing for at dette kan vere ubehageleg. Vi skal syte for å gi så god informasjon som mogleg, så tidleg som mogleg, for at usikkerheita skal vere så kort som mogeleg.

Skulle du kjenne på ei slik usikkerheit, vil eg oppmode deg til å ta kontakt med din nærmaste leiar eller med din arbeidstakarorganisasjon.

Ein viktig bodskap i denne samanhengen er at ingen tilsette vil verken misse jobben eller gå ned i løn etter samanslåinga.

Grensejustering

Rett før påske kalla Fylkesmannen i Møre og Romsdal inn til pressekonferanse i Ålesund for å leggje fram si innstilling til eventuelle grensejusteringar i fylket.

Blant dei fem tilfella som Fylkesmannen tok stilling til, var situasjonen til Bjørke/Viddal.

I si innstilling tilrådde Fylkesmannen at Bjørke/Viddal skal grensejusterast til Nye Volda frå 2020. I si grunngjeving la Fylkesmannen mest vekt på at brukarar av offentlege tenester skal få høve til å påverke teneste dei nyttar.

Det er viktig å presisere at dette førebels berre er ei innstilling. Det er opp til Kommunal- og Modernsiseringsdepartementet å ta endeleg avgjersle i saka, og det er venta at det vil kome eit svar frå dei ein gong før sommarferien.

Nettsak frå pressekonferansen finn du her: https://nyevolda.no/aktuelt/fylkesmannen-tilrar-grensejustering-ved-bjorke-viddal/

Retningsval – interkommunale samarbeid

Sidan sist informasjonsbrev har Fellesnemnda allereie vedteke at Nye Volda skal sjå mot søre Sunnmøre og Sunnmøre med tanke på interkommunal tenestesamarbeid/-produksjon.

Dette går til dømes på renovasjon, datadrift, kontrollutvalssekretariat, osv.

Når det gjeld anna politisk interessesamarbeid og utviklingssamarbeid vert å kome nærare attende til dette ved eit seinare høve. Her kan det vere rom for å vurdere ulike retningar.

Om du ønskjer å lese meir om dette så kan du lese meir utfyllande detaljar i saksutgreiinga til denne saka her: https://nyevolda.no/wp-content/uploads/2018/02/i-felles-20180222.pdf

Møte i Styringsgruppa

Torsdag 5. april møttest styringsgruppa for å diskutere ei rekkje saker relatert til samanslåingsprosjektet. Mellom anna vart det diskutert kapasitet på kontorlokale.

Dette er ein prosess som Kjell Magne Rindal (Volda) og Audun Gausemel (Hornindal) vil køyre framover for å kartleggje behov og kapasitet på Volda rådhus og kommunehuset Smia.

Eit mål er at plassering av funksjonar på Volda rådhus og Smia med bakgrunn i framtidig organisering og avklaring av tenesteyting skal vere klar til februar 2019.

Fellesnemnda 19. april

Torsdag 19. april er det også klart for eit nytt møte i Fellesnemnda. Det er ei relativt stor sakliste denne gongen, og ei sak som truleg mange vil vere spente på å sjå resultatet av.

Temakomiteen for nytt kommunenamn og heraldikk har levert si innstilling til nytt kommunevåpen, og innstillinga deira skal røystast over.

I tillegg vil det blant fleire saker bli teken opp ei sak om vidare samarbeid med Ørsta kommune om Nav og landbruk, samt eit orienteringssak om potensiell kommunal overtaking av tannhelsetenesta frå 2020.

Datoar framover

Om du vil følgje tettare med samanslåingsprosessane framover, kan det vere verdt å merke seg følgjande datoar den neste perioden:

  • 19. april – Neste møte i Fellesnemnda (Smia, Grodås)
  • 23. april – Neste møte i Administrativ styringsgruppe
  • 7. mai – Nytt møte i Fellesnemnda (Volda rådhus)

Beste helsing,

Rune Sjurgard
Prosjektleiar, Nye Volda kommune