Informasjonsskriv til tilsette (august 2018)

Til tilsette i Hornindal og Volda,

Dei fleste har truleg nettopp, eller er i ferd med å, kome attende i arbeid etter ein strålande sommar. Eg håpar du har fått høve til å kople av og lade batteria til hausten i vente.

I samanslåingsprosjektet av Hornindal og Volda har det også vore ei lita periode med litt mindre «trykk», så om det har vore stille frå denne fronten i det siste så er det enkelt og greitt på grunn av at det ikkje har skjedd så mykje sidan før sommarferien.

Her ei lita oppsummering av kva som har skjedd i løpet av sommaren, slik at du ikkje skal ha gått glipp av noko:

Grensejustering – endeleg utfall

I samband med kommunesamanslåinga vart det også ei utgreiing om grensejustering av området Bjørke/Viddal. Fylkesmannen tilrådde at dette området skulle flyttast over til nye Volda kommune.

Dette var også Kommunal- og Moderniseringsdepartementet samde i, og gjorde vedtak i juni om at Bjørke og Viddal skal tilhøyre Volda frå 2020.

For å avklare og kartleggje korleis vi skal handtere denne grensejusteringa, vil nye Volda og Ørsta kommune møte Fylkesmannen i Møre og Romsdal i løpet av august.

Spørsmålsrunde med leiaren i Fellesnemnda

Leiar i Fellesnemnda, Stig Olav Lødemel, stilte i sommar opp på eit videointervju der han svarte på spørsmål frå deg som innbyggjar.

Her var det ein del spørsmål om kva han tenkjer om samanslåinga så langt, kva som er viktig for han i samanslåinga og korleis han ser føre seg vegen vidare.

Om du ikkje har sett dette intervjuet enno, kan du sjå heile innslaget eller kvart enkelt spørsmål på vår YouTube-kanal.

Felles samling teknisk og plan/utvikling

I starten av juni hadde dei tilsette innanfor tenesteområda teknisk, plan og utvikling i Hornindal og Volda ei felles samling. På denne samlinga starta arbeidet med å kartleggje kva oppgåver som hastar å kome i gang med i den nye sektoren for samfunnsutvikling.

I relasjon til denne prosessen kan eg også minne om at det er lyst ut ei stilling som kommunalsjef for samfunnsutvikling. Denne stillinga har søknadsfrist 27. august, så vi håper å kunne tilsette slik at vedkomande er på plass innan januar 2019.

Informasjon om kven denne personen blir, vert annonsert i etterkant av intervjurundane seinare i haust.

Sektorprosessar for Nye Volda

I dei andre sektorane i Hornindal og Volda, vil det vere oppstart av tilsvarande prosessar i løpet av august månad. Desse prosessane har eg delegert vidare til dei leiarane som er innplasserte i dei komande kommunalsjefstillingane i den nye kommunen.

Det vert lagt opp til følgjande program:

  • Rådmannens stab, økonomi og personal: 27.08.18 kl 0900-1100
  • Sektor for oppvekst: 23.08.18 kl 1000-1200
  • Sektor for helse og omsorg: 30.08.18 kl 1000-1200

Les meir her: https://nyevolda.no/aktuelt/sektorprosess-startar-etter-ferien/

Møte i Fellesnemnda

Rett før ferien hadde Fellesnemnda sitt siste møte for vårhalvåret, der det vart vedteke tre saker:

  • Valstyre – Nye Volda kommune
  • Budsjettrevisjon/økonoirapport mai Nye Volda
  • Felles digitaliseringsstrategi for kommunane på Søre Sunnmøre

Det vart også lagt til grunn at den nye kommunen skal vere medlem av Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK), slik Hornindal og Volda er i dag.

Du kan lese fullstendig protokoll frå møtet for meir informasjon.

Datoar framover

  • 16 aug: Møte i administrativ styringsgruppe
  • 21 aug: Møte i leiargruppa for Nye Volda
  • 24. aug: Møte med Fylkesmann om grensejustering
  • 27. aug: Søknadsfrist – kommunalsjef samfunnsutvikling

 

Beste helsing,
Rune Sjurgard
Prosjektleiar, Nye Volda kommune