Informasjonsskriv til tilsette (februar 2018)

Til tilsette i Hornindal og Volda,

Det er langt på overtid, men sidan dette er først informasjonsskriv i 2018 vil eg ønske dykk eit riktig så godt nytt år.

Også i år er det mange store og spanande prosessar som både er i gang og som snart kjem i gang.

Allereie sidan 1. januar har det skjedd ein heil del i bygginga av Nye Volda kommune, så her kjem ei kort oppsummering av det siste som har skjedd:

 

Grensejustering

Den 12. januar vedtok Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD) at grensa mellom Stryn kommune og Hornindal kommune blir justert slik at grenda Maurset i Kjøs krins blir flytta frå Hornindal til Stryn. Denne endringa vil skje allereie 1. januar 2019. Resten av Kjøs krins blir verande i Hornindal, for å så bli ein del av Nye Volda 1. januar 2020.

I ei innbyggjarundersøking av Opinion synte også at 54 prosent av dei spurte innbyggjarane ved Bjørke/Viddal har gitt uttrykk for at dei ønskjer å bli i Ørsta.

Fylkesmannen vil gi si innstilling til KMD rett før påske, og så vert det opp til KMD å avgjere utfallet av ei eventuell grensejustering kort tid etter dette.

 

Møte i Partsssamansett Utval (PSU)

I PSU vart det i eit møte 16. januar jobba med å utforme ein omstillingsavtale i Volda og Hornindal kommunar fram til 01.01.2020. Eit utkast til denne avtalen vart sendt ut på høyring før jul, der partane fekk høve til å gi uttale.

Denne omstillingsavtalen vart så vedteken i Fellesnemnda 1. februar med verketid fram til kommunesamanslåinga i år 2020. Klikk her for å lese sak om dette.

 

Felles leiarmøte i Hornindal og Volda

Torsdag og fredag 18-19. januar var rådmennenes leiargrupper i dei to kommunane på ei felles samling i Ålesund. Temaet den første dagen var endringsleiing, der Arild Stana frå KS Konsulent hadde eit innlegg.

Andre dag var tema digitalisering og velferdsteknologi. Lene Bjørlo Overå, helse- og omsorgssjef i Giske kommune, hadde her eit inspirerande innlegg.

I tillegg heldt vår eigen prosessleiar for digitalisering, Paul Ottar Tornes, eit innlegg. Han startar riktig nok ikkje i stillinga før 1. mars, men på samlinga fekk han presentert seg, samtidig som han viste oss kva digitalisering kan vere i ulike sektorar og ulike stader i landet.

Eg avslutta så samlinga med å gå gjennom årshjulet i 2018 for «nye» Volda kommune.

 

Prosess ny administrativ hovudstruktur

I slutten av januar vart andre sekvens av prosessen med ny administrativ hovudstruktur gjennomført, der det vart jobba svært godt med gode innspel til nytt organisasjonskart.

Mitt førebelse forslag blei også lagt fram for leiarteama i ei storsamling i Honndalshallen onsdag 14. februar, der alle sektorleiarar, avdelingsleiarar og tillitsvalde fekk høve til å kome med tilbakemeldingar.

Dette var den siste samlinga før organiseringa skal ut på høyring.

Vidare prosess no er at mellom 1-15. mars vil forslaget liggje ute til høyring der alle tilsette i dei to kommunane får høve til å gi si tilbakemelding. Det er arbeidsstakarorganisasjonane som er høyringsinstansen.

Ønskjer du å kome med tilbakemelding på modellen, ber eg derfor deg om å ta kontakt med den arbeidstakarorganisasjonen du høyrer til, som tek imot innspela og utarbeider ein samla høyringsuttale til meg innan 15. mars.

Planen er at den endelege hovudstrukturen skal vedtakast den 20. mars.

Her er lenke til dei hovudtillitsvalte:

 

Temagruppe for kulturbygging

Etter nyttår har Temagruppa for kulturbygging allereie kome godt i gang med arbeidet sitt. Temagruppa er i ferd med å kartleggje både lag og organisasjonar, samt kulturelle aktivitetar, som dei to kommunane kan by på.

Dette blir ein svært viktig del av bygginga av nye Volda, ettersom vi skal bygge ein ny identitet som tek vare på det beste frå begge kommunar.

Fleire detaljar om arbeidet dei har gjort så langt kan du lese i denne nettsaka: https://nyevolda.no/aktuelt/motereferat-fra-temakomite-for-kulturbygging/

 

Fellesnemnda

Fellesnemnda hadde sitt første møte dette kalenderåret den 1. februar. På dette møtet vart mellom anna møteplanen fastsett (datoar finn du på nettsida), samt at omstillingsavtalen som omtala lenger oppe vart vedteken.

I tillegg var temakomiteen for nytt kommunenamn og heraldikk sitt mandat forankra i Fellesnemnda sidan opprettinga av denne komiteen skjedde før Fellesnemnda vart offisielt konstituert.

Fellesnemnda skal møtast allereie torsdag 22. februar igjen, og sakliste til dette møtet vil bli liggje på nettsida vår så snart den er ferdigstilt.

Dersom du vil lese meir utfyllande detaljar om møtet som var 1. februar, finn du protokollen her: https://nyevolda.no/aktuelt/protokoll-fra-fellesnemnda-01-02-2018/

 

Datoar framover

Om du vil følgje tettare med samanslåingsprosessane framover, kan det vere verdt å merke seg følgjande datoar den neste perioden:

  • 22. februar – Neste møte i Fellesnemnda (Volda rådhus)
  • 1. mars – Neste møte i Administrativ styringsgruppe
  • 1-15. mars – Høyringsperiode for ny administrativ organisering.
  • 5. mars – Oppstart av prosjektet digital kompetanse i kommunane (der Hornindal og Volda er deltakarar).
  • 20. mars – Ny administrativ organisering skal vedtakast.

 

Beste helsing,

Rune Sjurgard
Prosjektleiar, Nye Volda kommune

%d bloggers like this: