Informasjonsskriv til tilsette (januar 2019)

Til tilsette i Hornindal og Volda

Vi er godt inne i 2019, det siste året vi har drift av dagens Volda og dagens Hornindal. Dette blir eit intensivt og krevjande år, men med ei god samarbeidsvilje, rausheit overfor kollegaer og litt ekstra ståpåvilje har eg stor tru på at vi skal få alt i hamn til 31.12.2019.

Her kjem ei lita oppsummering av det som har skjedd sidan sist informasjonsskriv.

Budsjett vedteken for 2019

Budsjettåret 2019 vert det siste året at Hornindal og Volda har eigne budsjett å halde seg til. Til hausten skal det nye kommunestyret vedta økonomiplan 2020-2024 og budsjett for 2020, som då vil gjelde nye Volda.

Det ein ser av investeringane i økonomiplanane til dagens Volda og Hornindal, er at den nye kommunen vil kunne få ei samla gjeld på nærmare 2 milliardar kroner i slutten av den første økonomiplanperioden.

Dette føreset naturlegvis at dei prosjekta som ligg i dei to ulike økonomiplanane vert sett i verk.

Det kostar å investere, og dette betyr at vi må vere budde på at vi må jobbe svært godt med økonomistyring framover for å imøtekome dei innsparingskrava som vert stilt til kommunen.

Kommunalsjef samfunnsutvikling – Jarl Martin Møller

Jarl Martin Møller starta 2. januar i stillinga som ny kommunalsjef for det som vil bli sektor for samfunnsutvikling.

Han kjem frå ei tilsvarande stilling i Herøy kommune. Jarl Martin vil ha ansvar for den vidare sektorprosessen for samfunnsutvikling.

Les også: Bli betre kjent med Jarl Martin

Sektorsjefar innanfor plan, utvikling og teknisk i dagens Volda og Hornindal vil framleis ha leiarstillingane fram til 01.01.2020.

Grafisk profil

Den 10. januar hadde Fellesnemnda oppe ei drøftingssak om grafisk profil. På møtet valde dei det konseptet dei likte best, og dette vart gitt attendemelding på til leverandøren.

Innan februar-mars skal ei profilhandbok vere klar, og den skal nyttast konsekvent i samband med attverande tid av samanslåingsprosjektet – og vidare inn i den nye kommunen frå 2020.

Datoar framover

Om du vil halde eit ekstra auge med det som skjer framover, så merk datoane:

  • 5. februar: Leiarmøte nye Volda
  • 7. februar: Møte i Fellesnemnd (Folkestad)
  • 7. februar: Folkemøte på Folkestad

Beste helsing, 
Rune Sjurgard Prosjektleiar
Nye Volda kommune