Informasjonsskriv til tilsette (juni 2019)

Hei, gode medarbeidar i Hornindal og Volda,

Vi nærmar oss ein periode med mykje ferieavvikling og “rolegare” tempo. Før vi alle tek ein velfortent pust i bakken kjem ei lita oppdatering på kva som har skjedd i samanslåingsprosjektet sidan sist informasjonsskriv i mai.

Sektorprosessane

Det er først dette året at majoriteten av tilsette har merka konsekvensane av samanslåinga. Sidan nyttår har innplassering og organisering av sektorane stått i fokus.

Nokre tilsette har allereie vorte innplasserte i avdelingsleiarstillingar, medan andre leiarstillingar vil kome på plass innan kort tid.

Kommunalsjefane for kvar enkelt sektor vil halde dykk orienterte i nærmare detalj gjennom sine eigne informasjonsskriv og -samlingar. De kan også lese meir om kvar sektorprosess her: www.nyevolda.no/sektorprosess.

Fellesmøte med leiarar

Torsdag 6. juni var dei som skal vere avdelingsleiarar i ny kommune samla for aller første gong. Dette gjaldt leiarar som etter Hovudtariffavtalen kjem innunder kapittel 3.4.2, altså verksemdsleiarar (avdelingsleiarar). Hovudfokuset var forventingar til leiarar i nye Volda. Vidare var det ein presentasjon av budsjettprosessen for 2020.

Eg er oppteken av felles forventningar til utøving av leiarskap for å skape ein felles kultur. Ein god leiarkultur er ein viktig ressurs for ein organisasjon, både for ivaretaking og utvikling av dei tilsette og for dei tenestene vi skal levere. Avslutningsvis gjekk personalsjef Berit Lyngstad inn på kva som kan vere viktig for leiarane å vere bevisste på når dei skal forme si eiga leiarrolle.

Fellesmøte med Hovudtillitsvalde og Hovudverneomboda

Etter leiarsamlinga, vart det halde eit møte mellom dei hovudtillitsvalde og rådmannens leiargruppe. Innleiingsvis vart Sonja Hovden ønskja velkomen som nytt hovudverneombod i Volda kommune og i nye Volda kommune frå 2020.

Det vart også orientert om nytt permisjonsreglement, nytt arbeidsreglement og kompensasjon for tilsette som må skifte arbeidsstad/oppmøtestad som følgje av kommunesamanslåinga. Desse sakene er etter høyringsprosessar handsama av Partssamansett utval og Fellesnemnda.

Det vart og orientert om status på arbeidet med ny lønspolitikk og forhold knytt til årets lønsforhandlingar. Kommunalsjefane gav også ein status på prosessane i dei tre sektorane og i dei tre stabsfunksjonane. Møtet vart avslutta med ei gjensidig tilbakemelding på samarbeidet mellom arbeidsgivar og arbeidstakarorganisasjonane. Partane uttrykte at ein opplever at prosessane er gode og at samarbeidet er godt.

Personalreglement, permisjonsreglement og kompensasjon

Under Fellesnemnd-møtet 18. juni var desse temaa oppe til handsaming. Det har vorte køyrd gode prosessar rundt desse reglementa, der dei hovudtillitsvalde har vore deltaktige i arbeidet med å utforme reglementa og fastsetje kompensasjon ved lenger reiseveg som eit følgje av samanslåinga.

Alle vedtaka kan lesast nærmare i detalj ved å sjå i møtedokumenta frå Fellesnemnda, som ligg tilgjengelege i Volda kommune si innsynsløysing – eller under Dokument og protokollar på denne nettsida.

Budsjettprosess

Tidlegare har det vorte laga eit skuggebudsjett, som var ei samanstilling av Hornindal og Volda sine budsjett. Denne hausten skal det utarbeidast eit budsjett for heile den nye kommunen, som vert gjeldande for 2020.

Dette er ein arbeidskrevjande prosess parallelt med innføring av ny versjon av økonomi-/personalsystem. Driftsbudsjettet vert bygt opp frå grunnen. Ein legg inn alle faste utgifter som løn, leigeavtaler mv.

På denne måten vert det ein kritisk gjennomgang av utgiftssida. Det nye kommunestyret må ta stilling til investeringane, basert på eit grunnlag der allereie vedtekne og finaniserte investeringar og lovpålagte investeringar vert lagt inn. Her må ein sjå heile kommunen under eitt der også Viddal/Bjørke inngår i den nye kommunen.

Vi skal ha ein gjennomgang av drifta saman med ekstern konsulent (KS Konsulent) for å få eit best mogleg grunnlag for å forstå dagens situasjon, utfordringar og moglegheitene i den nye kommunen. Dei leverer ein rapport som vert presentert for fellesnemnda 5. september. Denne dannar grunnlag for administrative og politiske prosessar i 2020.

**

Med det vil eg ynske alle ein rett så fin sommar! Eg ser fram til å sjå dykk att på seinsommaren og håper at de nyttar dei neste vekene godt til å lade opp til det som kjem til å bli ein svært hektisk haust. Vi er heilt avhengige av alle, i heile organisasjonen, og eg er heilt sikker på at vi saman kjem til å skape ein svært attraktiv kommune; både som tilsett og som innbyggjar.

I prosessen merkar eg at vi saman vert sterkare og kan levere betre. Eg er takksam for innsatsen frå kvar og ein av dykk og ser fram til at vi skal få den nye kommunen i drift.

God sommar!

Med venleg helsing,
Rune Sjurgard
Rådmann/prosjektleiar
Nye Volda