Informasjonsskriv til tilsette (mai 2018)

Til tilsette i Hornindal og Volda

Vi er i ferd med å tre inn i det siste halvanna året før samanslåinga og eg må seie eg er mektig imponert over innsatsen som alle tilsette legg ned i Nye Volda, i tillegg til sine vanlege arbeidsoppgåver.

Her er ei lita oppdatering på kva som har skjedd i prosjektet den siste tida:

Etter at den administrative hovudstrukturen vart vedteken har eg hatt ein prosess på å innplassere personar i leiargruppa for nye Volda kommune. Alle posisjonane er no rekruttert inn i med unntak for stillinga som kommunalsjef for sektoren samfunnsutvikling, som vil verte lyst ut eksternt etter ferien.

Leiargruppa i den nye kommunen gjeldande frå 01.01.2020 vert som følgjer:

  • Rådmann: Rune Sjurgard
  • rådmann: Ann Kristin Langeland
  • Kommunalsjef, Helse og omsorg: Svein Berg Rusten
  • Kommunalsjef, Oppvekst: Per Ivar Kongsvik
  • Kommunalsjef, Samfunnsutvikling: ekstern utlysing
  • Økonomisjef: Kari Mette Sundgot
  • Personalsjef: Berit Lyngstad

Les meir i nettsak her: https://nyevolda.no/aktuelt/her-er-nye-voldas-leiarteam/

I Fellesnemnda den 19. april vart det vedteke nytt kommunevåpen for den nye kommunen. Temakomiteen for nytt kommunenamn og heraldikk la fram si innstilling der forslaget var ein kombinasjon av dei to eksisterande kommunevåpena til høvesvis Hornindal og Volda.

Du kan sjå det endelege kommunevåpenet for Nye Volda øvst på nettsida, eller sjå nettsak her: https://nyevolda.no/aktuelt/fellesnemnda-oppsummering-19-april/

Kommunevåpena for Hornindal og Volda vil naturlegvis framleis gjelde for dei respektive kommunane fram til og med 31.12.2019.

Frå 11-12. april var Ann Kristin Langeland, Paul Ottar Tornes, Norunn Helene Holmøy-Wang, Joakim Rødven og eg på Gardermoen for å høyre – og dele – erfaringar med andre kommunar som også skal slå seg saman.

Tema var endringsleiing, kommunikasjon og kulturbygging, arbeidsrettslege problem-stillingar, politisk og administrativ organisering, digitalisering og strategisk planlegging.

Eit samla inntrykk frå Nye Volda sine deltakarar var at samanslåingsprosjektet av Hornindal og Volda kommunar har kome ganske langt, og det var positivt å få ei stadfesting på at vi ligg i rute fram mot 01.01.2020. Eg er imponert over kor mange flinke medarbeidarar vi har i Hornindal og Volda kommune som legg ned ein formidabel innsats i samanslåingsprosjektet!


Representantane frå Nye Volda kommune på plass på Gardermoen.

Onsdag 16. mai vil eg, Ann Kristin Langeland og personalsjefen (Berit Lyngstad) for nye Volda besøke fleire arbeidsplassar i Hornindal kommune. Som komande rådmann for den nye kommunen ønskjer eg å lære meir om dei ulike arbeidsplassane i Hornindal, som eg enno ikkje kjenner like godt som i Volda.

Eg ser fram til ein spanande og lærerik dag med gode diskusjonar saman med komande kollegaer på Grodås. Det vil verte lagt ut ei nettsak frå besøket på www.nyevolda.no i etterkant av arbeidsplassbesøket.

Heilt kort kan eg også nemne at varaordførar i Volda, Fride Sortehaug, har fått fritak frå politiske verv gjeldande frå 1. mai. Dette inkluderer også medlemsstatus i Fellesnemnda. Sølvi Dimmen har kome inn som fast medlem i staden for Fride. Eg ser fram til eit godt samarbeid med både Sølvi og resten av Fellesnemnda det siste halvanna året før 2020.

  • 7. juni – Neste møte i Administrativ styringsgruppe
  • 7. juni – Møte med administrasjonen for teknisk, plan og utvikling
  • 21. juni – Neste møte i Fellesnemnda (Grodås)

Beste helsing – og riktig god 17. mai,
Rune Sjurgard
Prosjektleiar, Nye Volda kommune