Informasjonsskriv til tilsette (mai 2019)

Til tilsette i Hornindal og Volda

Det er vel lenge sidan sist informasjonsbrev vart sendt ut. Derfor er det på høg tid at eit nytt skriv vert sendt ut slik at de har ei oversikt over hovudpunkta i prosessen på noverande tidspunkt.

Administrativ organisering i sektorane

Rett før påske gjorde kommunalsjefane vedtak på den administrative strukturen i dei ulike sektorane. Slik ser kommunalsjefane føre seg å organisere sektorane:

Helse og omsorg:

  • Kommunal legeteneste
  • Helse- og forvaltning (leia av ass. kommunalsjef)
  • Institutteneste
  • Heimeteneste
  • Bu- og rehabiliteringsteneste
  • Rus- og psykisk helseteneste (endeleg organisering i denne avdelinga er enno ikkje fastsett, og det pågår prosess for å avklare dette)

I tillegg ligg også oppfølging av interkommunalt NAV innunder kommunalsjefen. Ørsta held fram som vertskommune for dette samarbeidet.

Oppvekst:

  • Barnevern
  • Helsestasjon
  • Barnehage
  • Skule
  • Vaksenopplæring og integrering

Kvar av desse avdelingane har ein avdelingsleiar. I tillegg til desse avdelingane vil kommunalsjefen også ha ein stab med to fagkonsulentar. Interkommunalt PPT ligg også rett under kommunalsjefen, der Ulstein kommune per tid er vertskommune for tenesta.

Samfunnsutvikling

• Eigedom
• Utvikling
• Brann
• Veg/Park
• Vatn/Avløp

I tillegg vert sektoren sine prosjektleiarar samla i ei gruppe, slik at ein kan utnytte den tverrfaglege kompetansen og stimulere til betre erfarings- og kunnskapsdeling mellom prosjektleiar/ar og avdelingane.

Her kan du følgje sektorprosessane tettare!

Bruken av Smia etter 2020

Etter å ha hatt ein prosess på bruken av kommunehuset Smia etter samanslåingstidspunktet, vedtok Fellesnemnda korleis dette bygget skal nyttast torsdag 9. mai.

Blant punkta som vart vedteken, skal Smia mellom anna vere heildagsopen for innbyggjarar og publikum måndag, onsdag og fredag. Minimum ein dag i veka skal tenester innanfor landbruk, byggjesak, kart/oppmåling og plan vere tilgjengelege.

Biblioteket og frivilligsentralen vil halde fram på Smia, i tillegg til at kontorlokale kan nyttast både som avlastingskontor for kommunalt tilsette og til eventuell utleige til lokalt næringsliv.

Tenesteyting og lokalisering knytt til Smia skal ifølgje vedtaket evaluerast seinast innan 3 år, pr. 31.12.22.

Her kan du lese heile vedtaket!

Ny grafisk profil

Under same møte i Fellesnemnda, vart det også vedteke ei grafisk profilhanbok for nye Volda kommune. Denne profilhandboka skal vere retningsgivande for kommunens uttrykk utover til publikum – og internt i kommunen.

Profilhandboka trer offisielt i kraft frå 01.01.2020, men der det høver seg vert det oppmoda om å nytte profilhandboka som utgangspunkt. Dette gjeld til dømes ved bruk av PowerPoint-presentasjonar, trykking av langvarige brosjyrer/plakatar, arbeidsklede og liknande.

Dokument som vert produserte i saks- og arkivsystem vil ikkje verte berørt av denne handboka.

Om det er ønskeleg med meir informasjon eller malar for ulike materiell, ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Joakim Rødven, så vil han hjelpe deg.

Høyring av arbeidsreglement og permisjonsreglement

Fram til 20. mai var det ute to høyringar; nytt arbeidsreglement og nytt permisjonsreglement.

Eg vonar at du nytta høvet til å kome med dine innspel på desse høyringane før fristen gjekk ut.

Endeleg handsaming av desse reglementa vert å kome attende til ved eit seinare høve.