Informasjonsskriv til tilsette (mars 2019)

Til tilsette i Hornindal og Volda,

Vi nærmar oss allereie slutten av første kvartal av 2019, og det står att dryge 280 dagar til vi vert éi ny kommune.

Det er framleis mykje arbeid som står att før vi er mål. Her er ei kort oppsummering av det som har blitt jobba med i det siste, og kva som vil skje framover.

Bruken av Smia

Fram til onsdag 27. mars er det ute ei høyring på bruken av Hornindal kommune sitt kommunehus, Smia, etter kommunesamanslåinga.

Du kan lese heile høyringsnotatet her: Høyringsnotat Smia

Vedtak om skulekrins

Eg reknar med at mange har fått med seg at det både i Volda kommunestyre og Fellesnemnda for nye Volda har vore oppe ei sak om skulekrins i den indre delen av nye Volda (Austefjord, Bjørke, Viddal og Hornindal).

Fellesnemnda sitt vedtak finn du her: Vedtak av ny skulekrins

Samarbeid om barnevernsteneste med Sande kommune

I Fellesnemnda den 7. februar vart det vedteke ein intensjonsavtale om at det skal jobbast med å inkludere Sande kommune i den interkommunale barnevernstenesta som Volda er vertskommune for.

Ein tek sikte på at Sande kommune vert ein del av samarbeidet frå 01.01.2020.

Helse-Midt på besøk

Helseføretaket var på besøk for vel ein månad sidan for å diskutere prosessen vidare fram mot samanslåingstidspunktet ved årsskiftet. Signala frå helseføretaket var positivt og vi fekk avklart ein god del ting i det vi går inn i ny kommune med ny kommunegrense.

For området i dagens Hornindal vil opptaksområdet verte Møre og Romsdal, og derunder Volda sjukehus som nærsjukehus. Endeleg handsaming vert gjort i styremøte hjå Helse Midt-Noreg RHF 18. juni.

Sektorprosessane

Forslag til organisering av sektorane oppvekst, helse-/omsorg og samfunnsutvikling har vore ute til høyring hos arbeidstakarorganisasjonane. Høyringsuttalene vert no gjennomgått og handsama.

Etter ei orientering for Fellesnemnda 4. april vil organisasjonsstrukturen for sektorane verte vedteken. Da startar prosessen med rekruttering av mellomleiarane og eventuelle tilsette i stab.

Når det gjeld rådmannsstaben så vart strukturen lagt i samband med prosjektleiaren sin prosess for hovudstrukturen. Rekruttering i rådmannsstaben vil også skje parallelt med prosessen i sektorane.

Kva skjer på digitaliseringsfronten?

Helse- og omsorg

Innanfor helse er det sett i gang eit prosjekt om velferdsteknologi. Dette kan til dømes bidra til at innbyggjarar får bu lenger heime, få digitale alarmar, få digitale dørlåsar og fallsensorar i eigen heim. Prosjektleiar for denne satsinga er Karianne Sveen Orvik.

Oppvekst

Innanfor skule har både Hornindal og Volda vore langt framme tidlegare. Mellom anna har skuleelevar si eiga digitale eining. Elevar frå 1-7. klasse har eigen iPadar, medan elevar frå 8-10. klasse har eigen Chromebook/PC. I tillegg er vi medlemmer av nasjonale løysingar der vi kan få tilgang til digitale læremiddel og såkalla skuleadministrativt system der ein kan samhandle elektronisk i staden for via tekstmelding eller papirbrev.

Samfunnsutvikling

Innanfor samfunnsutvikling er det sett fokus på å heve grunndataa. Det blir jobbe med å gjere ting meir digitaliserte, slik at ein til dømes kan søkje om byggjeløyve rett frå sofaen og få automatisk svar – så lenge søknaden er innanfor godkjende rammer.

Stab/støtte

Innanfor stab/støtte vert det jobba med å oppgradere løns- og økonomisystemet, samt at det vert jobba med å få på plass eit nytt saks- og arkivsystem.

Seminar om kulturbygging

Torsdag 14. mars var eg og fleire andre med på eit seminar om kulturbygging, i regi av temakomiteen for kulturbygging i samanslåingsprosjektet. Til dette seminaret fekk vi besøk av leiaren av Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal, Marit Neraas Krogsæter.

Fordelt ut på stasjonar diskuterte vi aktuelle tema som «Økonomi og Tilskot», «Lokalar, anlegg og møteplassar», «Møte mellom kulturar, og møte på tvers av alder og generasjonar» og «nye idear.»

Dette var eit interessant og lærerikt opplegg, som ein kan dra stor nytte av når vi skal bli kollegaer under same organisasjon om vel 9 månadars tid.

Datoar framover

Om du vil halde eit ekstra auge med det som skjer framover, så merk datoane:

  • 2. april: dagssamling for leiarteamet i nye Volda
  • 4. april: møte i Fellesnemnda (Grodås)
  • 23. april: møte i nye Voldas leiarteam

Beste helsing,
Rune Sjurgard
Prosjektleiar, Nye Volda kommune